Hopp til innhold

I dag er han tilbake på treningsfeltet med Sogndal

For første gang som profesjonell fotballspelar går Ulrik Flo klubblaus inn i ein ny sesong. – Det er ubehageleg å ikkje ha ein sikker jobb å gå til i framtida, vedgår 27-åringen.

Ulrik Flo (t.v.) og Kristian Fardal Opseth på trening

I TRENING: I ettermiddag kan det bli fleire duellar mellom Ulrik Flo og Kristian Fardal Opseth. – Eg har lyst tilbake til Sogndal seinare, men det blir ikkje no, seier Flo.

Foto: Rune Fossum / NRK

I ettermiddag stiller stryningen på trening når gamle lagkameratar i Sogndal startar oppkøyring til sitt comeback i eliteserien.

– Eg har fått nokre førespurnader om å trene med eitt par klubbar, men inntil vidare var planen å trene med gamlegjengen i Sogndal. Så er det berre å sitje og vente på kva som skjer, seier Ulrik Flo.

Scora 12 mål

Det blir i høgste grad kjente omgjevnader for 27-åringen den næraste tida. 27-åringen var åtte år i Sogndal, før han tok eit halvår med Odd Grenland. Skiens-klubben ville ha spissen med vidare. Flo takka nei.

I løpet av sesongen vart det tre innhopp i serien, to innhopp i europacupen – men 12 mål i 2. divisjon. Målgarantisten Olivier Occéan vart vanskeleg å konkurrere mot.

Flo i aksjon mot Dortmund

INNHOPP: Ulrik Flo i duell med Borussia Dortmunds Sokratis Papastathopoulos i europacupen.

Foto: Ina Fassbender / Reuters

– Det var mot slutten av sesongen og mykje stod på spel for Odd. Dei spelte om europacupspel og tok ingen sjansar. Og det er ingen grunn til å bytte når ein har gode resultat. Det forstår, respekterer eg og held delvis med i, seier Flo.

Vil ha speletid

Men det skorta ikkje på positive tilbakemeldingar frå leiinga. Sjølv om han helst skulle sett at han fekk fleire sjansar på A-laget.

– Eg er oppteken av speletid, så for min del vart det vanskeleg å vere med vidare utan garanti for å spele, seier Flo.

– Angrar du?

– Nei, eg sit att med veldig mykje. Eg fekk scora mål att. Sjølv om det var 2. divisjon, så gir det sjølvtillit. Eg fann raskt ut at 4-3-3 passar meg bra, og så er eg blitt smartare i boksen. Det løner seg ikkje å springe rundt så mykje utanfor boksen.

– Stressar ikkje

Den nye arbeidsgjevaren må vere ein skandinavisk klubb på øvste nivå, eller ein litt lenger nede i ein god liga utanfor Skandinavia.

Så langt er interessa hovudsakleg frå skandinaviske klubbar.

– Når må du ha ein avtale i boks?

– Dess lenger tid det tek, jo meir byrjar klubbane å stresse. Eg plar sjeldan stresse. Det veit dei som kjenne meg. Jo lenger tid som går, dess større sjanse er det å få spikra noko bra.