Hopp til innhold

Klora seg på land medan det rasa

- Eg er berre glad for at han berga seg. Bilen bryr eg meg ikkje noko om, fortel Helge Vagstad.

Onsdag morgon skulle sonen hans til Sogndal der han studerer, for å skrive avsluttande oppgåve. Men allereie ved Heilevang tok turen ei dramatisk vending.

Eit kring 20 meter breidt jord- og steinskred feia bilen på sjøen . Raset såg han komme i augekroken.

- Bilen vart teken av heile raset og feia rett på sjøen. Medan han var på veg ned mot sjøkanten fekk han på eitt eller anna vis opna døra. Medan det rasa klora han seg opp att på vegen. Det var ei sterk oppleving, fortel Vagstad.

- Eg er berre letta

Vel på land vart den unge mannen teken hand om av ein drosjesjåfør som kom til. Han fekk låne telefon og ringde faren for å fortelje om episoden. Vagstad er framleis i sjokk etter den sterke opplevinga.

- Vi er i sjokk både eg og han. Men eg er letta over at det gjekk som det gjekk. Bilen bryr eg meg ikkje noko om. Det kunne gått så mykje, mykje verre dette her. Eg er berre letta over at det gjekk som det gjekk, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Bil teken av ras i Førde

Til legesjekk

Sonen var til legesjekk i Førde og kan vente seg ei varm mottaking når han kjem heim att til Askvoll.

- Han har det rimeleg greitt no, men vil nok sikkert få ein reaksjon seinare, fortel Vagstad.

Det rasar framleis på staden og vegen vil vere stengd til geologar har synfart fjellsida frå helikopter. Vegvesenet opplyser at vegen ikkje vil opne att i dag på grunn av det dårlege veret. Reisande blir oppmoda om å køyre via fylkesveg 57.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.