- Då eg kom fram stod det ein kliss våt mann i vegkanten som såg ut som han kom rett frå sjøen. Han var temmelg skitten av gjørme og leire, fortel Svellingen.
- Såg dramatisk ut
Sten Oskar Svellingen.
Foto: PrivatDrosjesjåføren var på veg til Askvoll då han som første bil kom til rasstaden ved Heilvang. Han forstod raskt dramatikken.
Ein ung mann frå Askvoll kom seg sjølv ut av bilen og kom seg til land for eiga maskin etter at bilen hans vart feia på fjorden av eit kring 20 meter breidt ras. Mannen var åleine i bilen. Han vart frakta til legevakta i Førde, men skal ha kome frå dramatikken utan fysiske skader.
- LES OGSÅ:
- Det såg ganske dramatisk ut med mykje tre i vegbana, og så kom det etterkvart leire sigande ned i vegbana, fortel Svellingen.
(Artikkelen held fram under videoen)
Rasutsett
Svellingen køyrer ofte forbi rasstaden i jobbsamband. Så nærme dramatikken har han aldri vore før.
Naboar NRK kjenner til fortel at dei i kraftig regnver ikkje vågar å gå turar på den aktuelle vegstrekka.
- Dette området er det ganske kaotisk i kraftig regnver. Det er ikkje første gang det går ras der. Du har det i bakhovudet kvar gong du køyrer der. Det ligger ofte stein i vegkanten når det regnar, fortel Svellingen.
Var åleine
Både Svellingen og ein annan bilførar som kom til spurte fleire gonger om den unge mannen var åleine i bilen og om fleire bilar vart tekne av raset.
- LES OGSÅ:
- Vi fekk stadfesta at han var åleine, seier Svellingen som varsla naudetatane om raset. Den unge og våte bilføraren fekk teppe kring seg og søkte tilhold i drosja til Svellingen. Der fekk han også varsla foreldrene sine.