Årsaka er store nedbørsmengder som er varsla både onsdag og torsdag. Det er uvisst kor mykje nedbør som kjem dei neste dagane.
- Skal lite til
Skredekspert ved Norges Geotekniske Institutt, Krister Kristensen, seier nedbørsmengdene over tid og dei store nedbørsmengdene som er varsla aukar faren for jord- og steinras.
I Førde berga ein ung mann seg ut av bilen
ved Heilvang, mellom Førde og Askvoll. Kristensen seier slike ras er typiske for slikt ver.- LES OGSÅ:
- Det som skjer er at jordsmonn og urder blir veldig oppblautt og når det då losnar noko som set dette i rørsle, så river det med seg det oppblautte jordsmonne. Det skal liten påverknad til før det blir rive med og det blir ei suppe av jord, stein og tre, seier Kristensen.
- Må vere bevisst
Kristensen åtvarar mot flaum i bekkar og småelvar. Spesielt i bratte fjellsider.
Han oppmodar bilførarane om å vere observante når dei skal ut på vegane og at ein må legge lokalkunnskap til grunn i vurderingane.
- Ja i alle slike situasjonar bør ein tenke seg om og vere bevisst på kvar ein ferdast. Ein del vegstrekker er truleg meir utsette enn andre. Det er lokale høve som gjer det og enkelte stader har du store fjellsider opp til 1000 meter rett over vegen og då er det meir utsett, seier Kristensen.