Prosjektleiar for kraftlinja mellom Fardal og Ørskog i Statnett, Ove Brattberg, seier dei vil halde fram med sitt arbeid, trass klagen.
Grunneigarane kan også få medhald i klagen, utan at det får noko å seie for bygginga. Ole Eide i Myklebust grunneigarlag i Bremanger er sint og opprørt.
– Det er eit skikkeleg tilbakeslag for rettsstaten Norge. Det er rett og slett ikkje haldbart, rasar han.
- LES OGSÅ:
Gjekk vekk frå faglege råd
Både grunneigarar og bygdefolk i dei to bygdene er svært forarga over trasevala for den store kraftlinja mellom Fardal i Sogn og Ørskog på Sunnmøre.
I Eikefjord skal linja gå tett inntil skulen i bygda, i tillegg til at den vil kome svært nær fleire gardsbruk. I Myklebustdalen i Bremanger vart folk før jul svært overraska då Olje- og energidepartementet gjekk inn for å flytte linja.
Dei faglege råda frå Statnett, NVE og Fylkesmannen var at linja skulle gå gjennom Førdedalen, men departementet overkøyrde desse råda og la i staden linja gjennom Myklebustdalen.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Rundt 30 grunneigarar i Eikefjord og Myklebustdalen har klaga saka inn til Sivilombodsmannen og håpar i det minste at linja blir flytta lenger vekk frå busetnad.
– Kan halde fram bygginga
Men ifølgje Statnett betyr denne klagen lite for byggjeprosjektet.
– Sivilombodsmannen har sagt at dei vil behandle saka, det har lite betydning for vår verksemd.
– Vi kan halde fram med å byggje kraftleidningen medan ombodsmannen handsamar saka, seier prosjektleiar for linja, Ove Brattberg til NRK.no.
Heller ikkje om grunneigarane får medhald i klagen er det sjølvsagt at linjebygginga blir stogga, seier Brattberg.
– Det vil avhenge av om ein i tillegg stoggar leidningen. Dei kan få medhald i klagen, utan at den blir flytta, forklarar prosjektleiaren i Statnett.
– Kva er poenget med å få medhald i klagen då?
– Då er det vel at det er gjort sakshandsamingsfeil, men at det ikkje skal påverke prosjektet, seier Brattberg.
– Kan like godt avvikle heile ordninga
Ole Eide i Myklebust grunneigarlag i Bremanger synst dette er heilt bak mål.
– Vi er jo klar over at det Statnett seier er teoretisk mogleg, men vi reknar ikkje med at dette vil skje i praksis, seier Eide til NRK.no.
Han kan ikkje forstå at det skal vere mogleg for Statnett å halde fram bygginga utan å ta omsyn til at det ligg inne ein klage på traseen.
– Det ville vere svært oppsiktsvekkjande dersom Statnett set spaden i jorda og startar arbeidet med linja, før Sivilombodsmannen har uttalt seg.
– Då meiner vi at ein like godt kan avvikle heile Sivilombodsmannsordninga, seier Eide vidare.
Gir ikkje opp
Brattberg i Statnett er fullt klar over at mange ikkje er nøgde med planane for kraftlinja mellom Sogn og Sunnmøre. Likevel trur han at ting vil gå seg til etter kvart.
– Det har vore opprørt stemning og misnøye sjølvsagt, kanskje mest med prosessen. Men samtidig så roar det seg noko over tid, og fleire og fleire aksepterer at vedtaket er fatta og endeleg, seier Brattberg.
Men i Myklebustdalen i Bremanger har dei ikkje tenkt å godta linja med det første.
– Vi reknar med at Sivilombodsmannen vil kome med såpass kraftig kritikk at vedtaket blir omgjort, seier Eide.