Hopp til innhold

Slik har du neppe sett ordførarane før...

Tradisjonen tru vart det mykje sprell og moro under årets rundballefestival i Fjærland. Ordførarduellen i rundballe-VM var ikkje eit unnatak.

Rundballefestivalen i Fjærland vart i helga arrangert for fjerde gong.

– Det er fire år mellom kvar gong. Vi følgjer vinter-VM, seier rundballegeneral Jo Marius Bøyum.

Målet med festivalen er å setje Fjærland på kartet og syne at rundballar kan brukast til mykje anna enn dyrefôr.

– Vi ønskjer å syner fram litt galskap hjå bøndene og den flotte bygda vår, seier Bøyum.

Ei skikkeleg plaskopning

Mellom anna vart det i år arrangert traktorballett, eit innslag som også var på festivalen for åtte år sidan.

– Mange har spurt etter dette sidan, og i år fekk vi det til, seier Bøyum.

Ekstra gjævt for arrangøren var det at ein i år fekk opna festivalen med eit skikkeleg plask, bokstavleg tala. Eit helikopter frakta ein rundballe litt ut på fjorden og sleppte han ned frå 50 meter, til stor jubel frå dei frammøtte.

– Det har vore ein våt draum i mange år. Eg fekk endeleg klarsignal klokka 10.30 i dag tidleg. Det var heilt rått, seier Bøyum.

Innstilt på å ha det moro

For mange var ordførarduellen i rundballe-VM eit absolutt høgdepunkt.

Sogndal, Aurland og Jølster stod på startstreken i ein konkurranse der ein skulle rulle rundballar på 400 kilo åtte meter, og så hoppe over og springe rundt eit par gonger, før ein skulle trille rundballen tilbake åtte meter.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll, hadde strategien klar før duellen tok til.

– Eg har tenkt å ha det moro, flytte litt grenser og sjå korleis samspelet mellom ordføraren og leiaren i Sogn og Fjordane bondelag kjem til å fungere, seier Aarvoll, og ler.

Sjølv hadde han stor tru på at dette skulle gå vegen.

– For å ha det moro, må ein vere villig til å gje av seg sjølv. Og det er vi, seier Aarvoll.

Han var viss på at Per Hilleren var eit godt makkerval.

– Eg hadde mange gode kandidatar og det var fleire som kunne tenkt seg å vere med, seier Aarvoll.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

DRAUM: Arrangørane av rundballefestivalen har i mange år drøymt om å få opne festivalen med eit rundballedropp i Sognefjorden. Det fekk dei i år. Foto: Torben Stedje

Lada opp med fjellturar

Per Hilleren sjølv var godt nøgd med å ha vorte plukka ut til å hjelpe Aarvoll i duellen.

– Aarvoll står for strategien, medan eg står for gjennomføringa, seier Hilleren.
Han var like før start noko uroa.

– Avtalen var at vi skulle trene. Jarle har sagt at eg har lege i trening, men der har Jarle svikta. Eg føler forventningspresset og ansvaret rimeleg tungt, seier Hilleren.
Han ønskjer ikkje å seie noko om treningsstrategiar.

– Nokon hemmelegheiter må ein halde for seg sjølv, seier Hilleren.
Aarvoll peika på at han ikkje har vore fullstendig utan trening.

– Eg har mange gode fjellturar bak meg, så eg er seig i føtene. Eg kunne sikkert hatt litt meir styrke i overkroppen og armane, men der stiller nok Hilleren sterkt med det treningsgrunnlaget han har, seier Aarvoll.

Var like hardt som ein 100 meter

Men det skulle vise seg å halde hardt.

Sogndal-duoen hamna til slutt på 2. plass, slegne av Aurland som vart klokka inn på 32,30. Sogndal vart ståande med 35.50 medan Jølster kom på tredjeplass med 40.00.

– Eg tykte det var tre lag som gjorde skikkeleg god innsats. Det var ein fortent vinnar, og eg trur Jølster hadde vore på tida vår viss dei ikkje hadde hatt eit lite uhell, seier Aarvoll, etter å ha fått att pusten.

– Det var knallhardt! Det var som ein 100 meter, seier Aarvoll.

Han har berre lovord å seie om rundballefestivalen.

– Eg tykkjer det er kjekt. Eg har vore her tidlegare og eg trur det er viktig i bygdesamfunn å gjere noko saman som sveisar ein i hop og gjer ein stolt over det ein driv med. Det kan fjærlendingane vere i dag, seier Aarvoll.

Var taktisk ved val av makker

Vinnar Noralv Distad er klar på at valet av makker ikkje var tilfeldig. Han stilte til start med Thorvald Andresen frå Flåm ved si side, mannen som i fjor sette uoffisiell verdsrekord då han løfta 191 kilo med halsen.

– Den mannen er berre musklar, seier Aarvoll.

– Eg tenkte nøye før eg valde makker. Thorvald stod for styrken, medan eg var mest førebudd mentalt, ler Distad, som tykte det var stas å vere med på rundballefestivalen.

– Det var veldig kjekt og utruleg artig, seier Distad.

Bøyum har ikkje nøyaktig tal på besøkjande på festivalen, men er godt nøgd med besøket.

– Det er masse folk her og vi er veldig nøgde, seier Bøyum.