Hopp til innhold

Verdsmeistrar i rundballerulling

Anders Mundal frå Fjærland og Arild Holsen frå Førde forsvarte VM-tittelen i rundballe-trilling under Rundballefestivalen i Fjærland i helga.

Dei to kraftkarane var i ein eigen klasse då dei skubba den 800 kilo tunge rundballen i stort tempo.

– Vi er regjerande mesterar, så vi har blitt utfordra til å gjenta bedrifta. Vi bestemte oss før start at vi skulle gi alt, seier Mundal.

VM-øvinga toppa festivalprogrammet

Mjølkesmaking, presisjonskøyring med traktor, kunstavduking, song og barneteater, og bøndene sin eigen rundballekunst-konkurranse. Det var noko for ein kvar smak under årets rundballe-festival i Fjærland.

(Artikkelen held fram.)

Rundballefestivalen 2010

VINNARANE: Anders K. Mundal (t.v.) og Arild Holsen med etter premieutdelinga.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Men det største for mange sjølvaste VM i rundballe-skubbing. Her var det både bedriftsklasse og open klasse, kvinner og menn som deltok.

Medan enkelte hadde sitt svare strev med i det heile å flytte på den steintunge rundballen, sprang vinnarane Arild Holsen og Anders Mundal av garde med han.

Politikaren feiga ut...

Stortingsrepresentant Erling Sande frå Senterpartiet, som hadde den ærefulle oppgåve å stå for den offisiellle opninga av årets rundballefestival, hadde derimot lite lyst til å bli med på sjølve balle-trillinga.

– Ein må vel kanskje ta innover seg den kroppsforma vi har, og då er vel kanskje ikkje eg den fremste kandidaten til å vinne ein slik rullekonkurranse. Eg trur ikkje eg hadde klart å få den opp i fart ein gong. Det er heilt andre dimmensjonar enn meg som må til for å få noko slikt opp i fart, ler den spedbygde stortingsrepresentanten frå Bremanger.

(Artikkelen held fram.)

Rundballefestivalen i Fjærland

POSERTE VELVILLIG: Knut P. Bøyum framfor eit av fotokunstverka til Oddleiv Apneseth. Biletet viser Bøyum og traktoren innpakka i rundballeplast.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

Eit viktig innslag under årets festival var fotograf Oddleiv Apneseth si rundballe-fotoutstilling.

Den prisløna fotografen hadde på forsommaren fleire fotoseanser der det meste som kunne rulle av traktorar i Fjærland deltok. I helga fekk publikum sjå resultatet.

Rundballe-kunst i Fjærland

KREATIVT: Slik såg det ut då lokale gardbrukarar stilte opp til fotoseanse framfor Oddleiv Apneseth si linse i mai.

Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum