Hopp til innhold

Råsterke Thorvald løfta 191 kilo med halsen - no håper han på verdsrekorden

Thorvald Andresen frå Aurland sette i helga uoffisiell verdsrekord då han løfta 191 kilo med halsen.

Thorvald Andresen

RÅSTERK: Thorvald Andresen har ein spesiell hobby, han løftar nemleg vekter med halsen sin.

Foto: Frida Haugsevje Vangen

Det skriv Sogn Avis. Rekordløftet blei gjennomført under marknaden i Aurland i helga.

Han gjennomførte stuntet med å få lagt ei vektstong på halsen og heldt den oppe i nesten 25 sekund.

– Alt sit i hovudet. Utan rett psyke har du ikkje ein sjanse, seier han til avisa.

Gjer veldig, veldig vondt

28-åringen starta med halsløft for litt over eit år sidan. Han byrja med 20 kilo og etter kvart har han auka gradvis. Løftet heiter «Viking giljotin» og det gjeld å ha vektstonga på halsen lengst mogleg.

– Eg ligg på ein vanleg benk og så blir vektstonga lagt oppå meg. Hovudet ligg litt over benken slik at eg løftar stonga med halsen. Stonga ligg ved byrjinga på halsen, seier han til NRK.no.

– Er ikkje dette veldig vondt?

– Jo, dette er veldig, veldig vondt.

Han byrja med den spesielle hobbyen i 2009. Først dreiv han på med bøying av stålstenger. Han ville teste kor langt han kunne gå og prøvde seg difor med halsløft etter kvart.

– Eg byrja med 20 kilo og auka med to-fem kilo i veka, heilt til eg kom opp til 190 kilo.

Familien likar det ikkje

Thorvald Andresen

KULER: Thorvald Andresen leika seg med denne kula som veg 25 kilo.

Foto: Frida Haugsevje Vangen

Han trenar fem gonger i veka, men akkurat dette løftet gjer han berre to gonger i månaden på grunn av påkjenninga det er. Andresen seier han alltid har med folk når han løftar med halsen. For det han driv på med, er farleg.

– Ja, det er det. Det som er skummelt er om du blokkar blodet til hovudet, då besvimer du. Du kan også slite sener og då knuser du luftvegen. Dette kan farleg om ein er uheldig. Eg tilrår ikkje andre å gjere dette, seier han.

– Kvifor driv du på med denne hobbyen?

– Det er først og fremst for å teste meg sjølv. Eg gjer dette mest for min eigen del. Dette handlar om trening og atter trening.

– Kva seier dei rundt til deg denne spesielle hobbyen?

– Dei likar det ikkje. Mamma og pappa tykkjer ikkje om at eg driv på med dette.

Men publikum som var til stades på marknaden blei imponerte over det dei såg. Andresen jobbar som lærar og det er i alle fall nokre som likar det han held på med.

– Elevane mine likar det veldig godt og tykkjer det er stas, ler han.

Vil prøve å komme i rekordboka

Kraftkaren vil no senda resultatet inn til Guiness rekordbok for å få løftet godkjend som verdsrekord. Ein politibetjent var til stades for å ta tida. Dermed kan rekordløftet sendast inn til Guiness rekordbok for godkjenning. Den noverande rekorden er på 182,5 kilo.

– Det er mykje logistikk som skal på plass. Eg håper rekorden blir godkjent, om ikkje prøver eg igjen ein annan gong, seier han.

Thorvald Andresen

BILLØFT: Thorvald Andresen underheldt publikum med å løfte denne bilen.

Foto: Frida Haugsevje Vangen