Kjell Arvid er fødd 1950, Naddvik i Årdal. Kjell Arvid er ein av veteranane på huset. Han vart tilsett i 1979, same året som Sogn og Fjordane fekk eige distriktskontor. Han byrja som journalist i Sogn Dagblad i 1972, og arbeidde to år i Bergens Arbeiderblad før han vart stipendiat i NRK i 1978.
Kjell Arvid er av dei solide bjelkane i kontoret vårt, som har vore borti det meste og står for kontinuiteten i redaksjonen. Han er sterkt engasjert i godt språk og prøver å skjerpe oss rett som det er.
Han er nettansvarleg for Fylkesleksikonet og arbeider med å oppdatere nettversjonen med foto og tekst.
- E-post: kjell.arvid.stolen@nrk.no
- Telefon: 992 49 991