Hopp til innhold

Kan ikkje avkrefte at arbeid starta brannen

Politiet vil ikkje gå ut med resultata frå kriminalteknikarane si undersøking etter brannen på Handelshuset i Førde.

Slik ser det ut på Handelshuset etter brannen.

UTVENDIGE SKADER: Dei største skadane på Handelshuset er på utsida. Politiet er førebels sparsame med detaljane rundt etterforskinga. Foto: Alf Vidar Snæland, Geir Bjarte Hjetland og Jørgen Eide. Redigering: Jørgen Eide. Reporter: Vidar Gudvangen.

Etter brannen på kjøpesenteret Handelshuset i Førde har kriminalteknikarar frå politiet undersøkt staden.

– Vi er no ferdig med undersøkingane, og staden er frigjeven, seier politibetjent ved Førde lensmannskontor, Øyvind Olsen.

Sparsame med detaljar

Men politiet vil førebels ikkje gå ut med resultata frå åstadsgranskinga.

– Det er av omsyn til den vidare etterforskinga, seier Olsen.

– Kan du stadfeste eller avkrefte at det er mistanke om noko kriminelt?

– Vi har ingen haldepunkt for å tru det, men vi kan ikkje sjå bort frå det.

Olsen stadfestar at det har vore utført arbeid med varmebrennar på taket på Handelshuset laurdag, men vil ikkje seie noko om dette har samanheng med brannen.

– Det kan eg verken stadfeste eller avkrefte. No vil vi halde fram etterforskinga med å mellom anna avhøyre vitne og dei som har arbeidd på staden, seier politibetjenten.

handelshuset inne etter brann

SPERRA AV: Tre butikkar er stengde og avsperra på grunn av vatn og røyk som har kome inn i butikken. Ein av dei er Kappahl.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Tre butikkar stengde

Handelshuset er no ope som normalt, men butikkane Nille, Kappahl og Trendy frisør må halde stengt ei stund. Årsaka er vasskade og mogleg røykskade i lokala.

Senterleiar Mariann Njøsen meiner dette er ein liten pris å betale samanlikna med det som kunne ha skjedd. Ho er svært letta over at det ikkje gjekk verre.

– Vi har vore veldig, veldig heldige. Det er ganske mykje omfattande arbeid som skal til ute, men det er ikkje brannskade inne. Det vart brukt utruleg mykje vatn, så dei butikkane som ligg under der, som Nille og Trendy og Kappahl, så dei må vi stenge. Vi veit ikkje kor lenge dei blir stengd, men vi håpar å få dei opna igjen om få dagar.

Flammane stod opp frå taket.

DRAMATISK: Brannen såg ut til å bli langt meir dramatisk enn den var. Foto: Alf Vidar Snæland/Geir Bjarte Hjetland. Redigering: Snæland.