Hopp til innhold

Alle blei berga ut frå kjøpesenter i full fyr

FØRDE (NRK): Kundar i butikkar og gjester i ein pizzarestaurant og ein kinarestaurant blei raskt evakuert då det laurdag kveld starta å brenne i Handelshuset i Førde.

Flammane stod opp frå taket.

FULL FYR: Flammane stod opp frå taket på Handelshuset. Foto: Alf Vidar Snæland/Geir Bjarte Hjetland. Redigering: Snæland.

Politiet starta med evakuering, men etter kort tid hadde brannvesenet brannen under kontroll. Heile bygget er gjennomsøkt, og ingen skal ha blitt skadd i brannen. Kor brannen har starta er enno ukjend.

– Det brann på baksida av bygget ved ein kafè, men vi veit ikkje om brannen starta på taket eller inni sjølve bygget, seier Frode Eide ved Alarmsentralen.

Åstadsundersøkinga vil først starte opp tidlegast søndag morgon, opplyser politiet.

Flammane stod opp

Flammane stod opp frå taket på kjøpesenteret. Brannvesenet kom raskt i gang med sløkkingsarbeidet, og jobba på spreng for å unngå at flammane skulle nå ein propantank som var eit stykke unna flammane.

– Vi er litt uroa for det, men den er eit stykke unna, så ein jobbar no for å hindre at brannen kjem i nærleiken av det. Eg er litt usikker på kor dei grip fatt i sløkkingsarbeidet, men eg reknar med at dei må opp på taket, sa Kolbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen tidlegare laurdag kveld.

Brannen starta like etter klokka 19.00. Tre kvart seinare var brannen meldt sløkt. Brannvesenet er no i ferd med å kontrollere om det er meir varme i bygget, samt lufte ut røyken som er i kjøpesenteret. Ifølgje operasjonsleiar for politiet er det ikkje sikkert at dei får undersøkt bygget før søndag morgon.

Brann Handelhuset

FLAMMAR: Flammane står opp frå taket på Handelshuset.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Ikkje panikk

Mange gjestar på restaurantane Peppes Pizza og Bambus blei evakuert, og svært mange skodelystne samla seg utanfor Handelshuset. Resten av kjøpesenteret var stengt då brannen oppstod.

– Alarmen gjekk og vi gjekk roleg ut, det var ingen teikn til panikk, fortel ein av dei som var inne i Handelshuset då brannen starta.

Politiet har fått uromeldingar om dyra i ein dyrebutikk i kjøpesenteret. Brannvesenet har vore inne for å sjekke at dyra har det bra.

– Det blir meldt frå staden at dette området ikkje er noko særleg råka av brannen, og at dyra har det bra, seier Eide på Alarmsentralen.

Ukjend årsak og skadeomfang

Politiet kan førebels ikkje seie noko om skadeomfanget på bygget.

– Men det brente godt og det var synlege flammar med mykje røykutvikling, seier Nord.

Det er førebels ukjend kva som er årsaka til brannen.

– Vi kjem til å avhøyre vitne, men det blir nok ikkje gjort ei åstadsundersøking før tidlegast søndag morgon. Vi må vente til bygget er kaldt, seier Nord.

NRK veit at det er observert fleire arbeidarar på taket på Handelshuset tidlegare laurdag, utan at ein kan vite om dette har samanheng med brannen.

Brann handelshuset

SLØKKINGSARBEID: Store styrker var kalla ut frå brannvesenet.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK