– Det har ikkje brent noko innvendig. Ein del av butikkane har fått litt vatn inn, men vi veit enno ikkje kor mykje det er snakk om, seier ein letta Njøsen.
For det såg svært dramatisk ut då flammehavet stod opp frå taket på Handelshuset laurdag kveld. Brannvesenet fekk melding om brannen i 19-tida laurdag kveld. Etter ein knapp time var brannen sløkt. Senteret vil etter planen ha normale opningstider måndag, men det er litt usikkerheit knytt til dei få butikkane som har fått vatn inn.
- Les også:
– Nesten ingen synlege skader inne
Det er førebels usikkert kor brannen starta. Kriminalteknikarar frå politiet skal granske åstaden i dag. Njøsen har sjølv vore på taket, men vil ikkje seie noko om korleis det såg ut før politiet har gjort sine undersøkingar.
– Men slik eg ser det er det i alle fall ingen synlege skader inne bortsett frå litt vatn i nokre butikkar. Det luktar ikkje røyk her, seier ho.
Peppes Pizza og Bambus kinarestaurant får halde ope søndag, men resten av bygget er stengt fram til politiet har frigjeve det. Senterleiaren og dei andre tilsette i administrasjonen er dei einaste som har fått kome inn i den brannutsette delen av bygget.
Etter eit langt døgn utan søvn er Njøsen letta over at det ikkje gjekk verre.
– Det såg skikkeleg ille ut då eg kom dit i går kveld medan det brann. No er eg veldig takksam for at det gjekk så bra som det gjekk. Alt gjekk bra med dei som var som i bygget, og det er det viktigaste, seier ho.
Rosar dei tilsette for rask evakuering
Njøsen rosar dei tilsette ved Spar, Peppes Pizza og Bambus kinarestaurant for å ha fått kundane ut raskt.
– Dei veit kva dei skal gjere. Dei var kjempeflinke.
Sjølv har Njøsen og resten av administrasjonen fått lite søvn denne natta.
– Vi har heldigvis eit godt apparat rundt oss i Amfi som har vore til veldig god hjelp. No må vi berre vente på at politiet skal bli ferdig med sine undersøkingar så vi kan få folk inn for å sjå på det.
Ho kan enno ikkje seie kva butikkar som har fått vatn inn, men at det etter hennar syn er ingenting frå brannen som vil øydelegge julehandelen.
– Vi får henge opp nokre julegreiner rundt listene, seier ho.