– Konseptvalutgreiinga (KVU) for Nordfjord blir landa så fort regjeringa har konkludert.
I går kom vedtaket for Møre og Romsdal, men ikkje for Sogn og Fjordane. Årsaka til at Nordfjord vart utsett var at regjeringa ikkje er heilt klare til å gjere vedtak no, derimot hadde ein opplegget klart for Møre og Romsdal.
- LES OGSÅ:
– Regjeringa har sagt tidlegare at vi skal sleppe alle desse KVU'ane og resultata av dei i løpet av våren, og det legg vi framleis til grunn.
Dermed er det duka for rask avgjerd om kor vegen skal gå i framtida. Spørsmålet alle vil ha svar på er om det blir midtre med bru Lote-Anda, tunnel gjennom Stigedalen og bru over Voldsfjorden, eller om det blir indre med tunnel under Utvikfjellet og bru mellom Svarstad og Frøholm.
(SAKA HELD FRAM UNDER KARTET
Avgjerda om Hafast vekte jubel langs kysten av Sunnmøre, medan særleg Ørsta kommune er skuffa. No tolkar bruforkjemparar i Nordfjord vedtaket til fordel for seg sjølve, anten det er midtre eller indre som står på spel.
Alle tolkar E39-avgjerda som siger
Svein Sunde som er dagleg leiar i Gode vegar som jobbar for indre trasé, meiner det at regjeringa følgjer opp løfta frå valkampen er eit godt signal.
– Ja, eg tykkjer det indre i Nordfjord klart har styrka seg med det om er sagt. Det vart lagt vekt på kva partia, altså kva Framstegspartiet og Høgre, går for. Dei har gått for indre i Nordfjord.
- LES OGSÅ:
Mats Andersson som er dagleg leiar for Nordfjordkryssing A/S og som vil ha midtre trasé, meiner det at regjeringa går for det dyraste alternativet, men som vil ha størst effekt på bu- og arbeidsområde, talar for midtre.
– Dette er kjempegode nyheiter. Både når ein tenkjer på regional utvikling, når ein tenkjer langsiktig og på å binde saman bu og arbeidsområde.
- LES OGSÅ:
Held framleis korta tett til brystet
– Den argumentasjon som no skjer på ulike stadar i Nordfjord er vi vel kjende med også i forkant av trasévala på dei tre andre traseane i Møre og Romsdal. Det lever regjeringa godt med, og vil gjere seg opp si eiga meining, seier Dale.
Spørsmålet er når avgjerda kjem for Nordfjord. NRK veit sikkert at ingenting skjer verken i dag eller i morgon, altså før påske.
– Regjeringa har sagt av vi skal lande dette i løpet av våren. Det betyr at når våren går mot slutten bør vi ha fått ein konklusjon på plass.