Hopp til innhold

Investerer nye millionar for å fikse undervarmen

SOGNDAL (NRK): I dag starta jobben med å leggje nytt kunstgras og fikse undervarmen på Fosshaugane. Håpet er at alt skal fungere når sesongen startar etter sommarpausen.

Varmeproblem koster Sogndal 7,5 millioner

STARTAR ARBEIDET: To dagar etter at laget spelte sin siste seriekamp for sommaren, starta arbeidet med å fjerne det gamle kunstgraset. (Foto: Ole André Rekkedal/NRK)

Sogndal Fotball har brukt store ressursar i kampen for å få det dei betalte for tilbake i 2012.

No ser det ut til å gå mot eit forlik i saka mot leverandøren.

– Me har hatt ein god tone i ei vanskeleg sak. Me ser ut til å finna ei løysing på saka, utan å hamna i rettssystemet, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil B. Mundal.

Uavhengig av det brukar klubben no 7,5 millionar kroner på å få orden på problema.

Egil B. Mundal, dagleg leiar i Sogndal Fotball, har stor tru på at alt skal fungere når Bryne står på motsett banehalvdel den 10. august.

– I den grad du kan garantera noko i fotball, så trur eg me kan garantere det, seier han.