Hopp til innhold

Ingen kjem til rasstaden - ikkje Vegvesenet eingong

Rasfaren er så stor på E39 i Romarheimsdalen at dei som skal gjere vurderingar i området ikkje torer å ta seg inn til rasstaden.

Snøskred E39

HIT; MEN IKKJE LENGER: E39 vert truleg stengt gjennom heile helga, men vegvesenet gjer fortløpande vurderingar om rasfaren og situasjonen.

Foto: Tim Wassmo

– Vêrvarselet for helga viser at det kjem mykje nedbør både laurdag og søndag, og vi vil ikkje sleppe inn nokon i rasområdet, seier Gunnhild Vangsnes i Statens vegvesen.

Kvir seg på å ta seg inn i området

Gunnhild Vangsnes

VURDERER: Gunnhild Vangsnes i vegvesenet gjer vurderingar av rasstaden heile tida.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Etter at vegen vart opna onsdag kveld, men berre få timar etter opninga kom meldinga om at det var rasa på nytt.

– Våre eigne folk kan heller ikkje reise inn. Vi må gjere vurderingar basert på vêrmeldingar, prognosar og fagfolk som kjenner området, seier Vangsnes.

Vegvesenet har fått kritikk frå fleire hald for å stengje ein europaveg så lenge. Lastebileigarforbundet var ute torsdag og ønskte dialog med Vegvesenet om mogleg opning på dagtid for store køyretøy.

Snøskred på E39

KAOS: Heile 11 personar vart råka då snømassane fylte E39. Til alt hell vart ingen alvorleg skadde i dramaet måndag.

Foto: Steinar Daltveit / NRK

Dårlege møteplassar

– Det er alltid vanskeleg å stengje ein slik veg, og det er slett ikkje noko kjekt å la dei store lastebilane måtte køyre på omkøyringsvegane. Men det er det einaste alternativet vi har akkurat no.

– Er ikkje omkøyringsvegane gode nok?

– Dei er smale og manglar møteplassar. Og som sagt det er ikkje kjekt å sende dei største bilane på dei vegane, seier ho.

Historisk sett er rasfaren større på nokre av omkøyringsvegane. Spesielt på riksveg 5 ved Kjøsnesfjorden og yrkessjåførane meiner det er tryggare å ferdast på ein europaveg.

– Eg kjenner berre til omkøyringsvegane i Hordaland og der er rasfaren liten. Det som er meir utfordrande er at det er få og små møteplassar. Så no har vi teke initiativ til eit møte om vegen så går om Masfjorden for å undersøkje kva for moglegheiter som finst der når det gjeld bygging av møteplassar, fortel Vangsnes.

Ras E39 Masfjorden

INGEN KJEM INN: Sjølv ikkje vegvesenet sine folk får ta seg inn i rasområdet no.

Foto: 03030-tipser

Varsel om flaum og skredfare

Fredag føremiddag sende NVE ut varsel om flaumfare, skredfare og jordskredfare for Vestlandet. Faregraden er merka gult, og det er venta skikkeleg ruskevêr.

Mykje regn kombinert med snøsmelting i fjellet fører til at NVE ventar at vassføringa raskt vil auke i små og mellomstore vassdrag.

Det er også fare for jordskredfare for heile vestlandet.

– Vi opnar ikkje vegen før det er trygt å ferdast der. Truleg vert det ikkje før over helga, men vi gjer fortløpande vurderingar, seier Vangsnes.