Hopp til innhold

Reagerer på lang omkøyringsveg etter ras

Fleire som skulle køyrt E39 gjennom Romarheimsdalen reagerer på at Statens vegvesen tilrår omkøyring via Sogn og ikkje via to ferjeleie i nærområdet.

Raset i Romarheimsdalen

OMKØYRING: Statens vegvesen vil at folk som skal mellom Bergen og Sogn og Fjordane skal køyre E16.

Foto: Faksimile

– Eg tykkjer det er rart at dei ikkje syner til at i alle fall personbilar like lett kan køyre via fylkesveg 57 og krysse ved ferjeleia Sløvåg–Leirvåg eller køyre til Duesund og ta kabelferja til Masfjordnes, seier Trude Brosvik, KrF-politikar frå Gulen.

Sundag blei fleire bilar tekne av eit snøras på E39 sør for Masfjordtunnelen i Romarheimsdalen. 11 personar opplevde marerittet då bilane dei sat i bei begravde av snøraset. To personar og eit lite barn fekk kuttskadar da snømassane knuste bilrutene.

Vegen blir stengd fram til måndag.

Lang omkøyring

Trude Brosvik

REAGERER PÅ LANG OMKØYRING: Trude Brosvik, KrF-politikar frå Gulen.

Foto: Johan Moen / NRK

– Både Sløvåg–Leirvåg og Duesund–Masfjordnes er begge omkøyringsvegar for der raset har gått i Romarheimsdalen, og langt kortare enn omkøyringa Statens vegvesen rår til.

– Det handlar om at det er avgrensa kapasitet på desse ferjeleia, seier Hanne Nordheim ved vegtrafikksentralen i Bergen.

Ventar stor trafikk

E39 er hovudsambandet mellom ytre deler av Sogn, Sunnfjord og Bergen, og går gjennom Romarheimsdalen. Det er stor trafikk på vegen, spesielt sundag når vinterferien blir avslutta i bergensområdet.

Kø i Dusesund

LANGE KØAR: Køen på ferjeleiet i Duesund var sundag kveld opp til ein kilometer lang.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

– Med heimfarten frå vinterferien så meiner vi at det er E16 som har kapasiteten til å ta unna trafikken. Men sjølvsagt ferjeleia er der, og er til for å brukast. Vegen er nok kortare men kapasiteten er avgrensa.

Vegvesenet seier til NRK at dei har sjekka moglegheitane for å senda ferja til Rutledal istaden for Oppedal. Dei har også forhøyrt seg om kapasiteten på Leirvåg - Sløvåg kan utvidast.