Så lenge ungane feirar jul heime, så treng dei ikkje noko juletreteppe. Bodil arva mykje stoff etter svigermor si då ho døydde i 2006, og av dei stoffrestane sydde ho eit juletreteppe til familien. Men så fann ho ut at ho skulle lage til døtrene sine og.
– Den dagen ei av våre døtrer skal feire jul ein annan plass enn heime hos oss, kan ho – og berre hvis ho har lyst på det – få med seg eit juletreteppe maken til vårt. Dei er sydd av stoff arva etter farmora til ungane som heiter Lillen, seier Bodil Helene Øvretveit.
SJÅ VIDEO NEDST I SAKA
Må alltid lage fire av kvar
Ho har fire døtrer og ofte kvir ho seg på å byrje med å lage ting til ungane. Då veit ho at ho må lage fire i slengen.
Mannen Ole Johannes Øvretveit seier at han ikkje visste om arbeidet.
– Eg visste jo at ho dreiv på med noko der oppe på syrommet, men lite ante eg at ho hadde gått over i fullformat, før ho kom og spurte om eg kunne hjelpe ho med å ta eit bilete.
Dottera Aurora har flytta ut, men har kome heim til jul.
–Så fine mamma, du er heilt rå! Eg har jo sjølv sydd ein heil gryteklut i log cabin, så eg kan til ei viss grad relatere til arbeidsmengda dette inneber. Og så utruleg fine!
Teknikken ho har brukt er altså såkalla log cabin og på norsk tømmerkoie. Det er som om ein byggjer i lafta-teknikk, for den eine stoff-lappen held fast på den andre, og ein byggjer utover etter kvart.
Håpar dei vil ligge lenge på loftet
Mykje av stoffet har ho arva etter svigermora. Det er utruleg mange arbeidstimar som har gått med på å setje dei saman. Men no byrjar det å minke på julestoffet etter å ha sydd saman 700 lappar totalt. Ho finn att mykje historie i kvar lapp.
– Eg er økonom, så eg samlar på alt restestoff.
Ho vil ikkje seie at arbeidet er vanskeleg. Ho driv og syr bunad, så dette har vore kvilearbeidet hennar når ho har vorte lei av bunadssyinga. Ho meiner det er enkelt syarbeid. To år har ho brukt på alle fire teppa, men då har ho sydd bunad innimellom.
– No ruller eg dei fire lappeteppa saman og legg dei på loftet. Eg håper dei får ligge i fred i mange år, seier ho.
Kanskje håpar ho på at teppa i lang tid vil ligge samanrulla på loftet.