Hopp til innhold

– Det er veldig tragisk

HERMANSVERK (NRK): Berre Høgre og Frp ville oppretthalde ein VG2-klasse i transportfag ved Øyrane vidaregåande skule. Dei aldrande bussjåførane i fylket er rysta over fleirtalet.

Jostein Gjermundstad

GAMLE: Snittalderen blant bussjåførane i fylket nærmar seg pensjonsalder, og tillitsvald Jostein Gjermundstad forstår lite av prioriteringane til det politiske fleirtalet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er veldig tragisk. Det er eit skrikande behov for sjåførar, ikkje berre i fylket vårt, men i heile landet. Berre på Firda billag buss er det faktisk 40 av våre medlemmar som kan slutte neste år, seier ein frustrert Jostein Gjermundstad.

Han er tillitsvald for 200 tilsette i Firda billag, og representerer bussjåførar med ein gjennomsnittsalder på 58 år. Behovet for yngre krefter er stort.

Men likevel legg fylkestinget ned VG2 transport- og logistikk ved Øyrane vidaregåande i Førde frå neste skuleår.

Framstegspartiet og Høgre ville redde lina

Berre Høgre og Frp ville behalde linja då fylkestinget handsama saka.

– Det er ein bransje med særs høg snittalder. Dei har over 1100 køyretøy som skal bemannast. Det blir ein stopp i produksjon og rekruttering. Vi ber om at dei gjer denne linja søkbar for skuleåret 2016/17, sa Sonja Øvre-Flo (H) i debatten i fylkestinget.

Sonja Øvre-Flo

FEKK IKKJE GJENNOMSLAG: Sonja Øvre-Flo (H) argumenterte for ein transport- og logistikklasse i Førde. Men Høgre fekk ikkje gjennomslag for kravet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Men ho blei ikkje høyrd og måtte tole kritikk frå andre parti for at Høgre ville bruke meir pengar enn dei hadde i rammene for skuletilbodet for neste år.

Gunn Åmdal Mongstad

Gunn Åmdal Mongstad

Foto: Silje Guddal / NRK

– Vi er veldig godt kjent med behova i transportbransjen. Sp meiner at det er viktig med forutsigbarheit for dei som skal søke. Difor har vi halde oss til det vi har i rammene, sa Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

– Er ikkje vi næringslivet?

Det har til dels vore sterke reaksjonar på dei endringane i skuletilbodet neste år som fylkestinget no har vedteke.

Fylkestinget gjekk samla inn for å lyse ut ein påbyggklasse i studiespesialisering ved Dale vidaregåande, mellom anna etter innspel frå næringslivet i regionen.

Det får Gjermundstad og bussjåførane til å undre seg.

– Eg ser avgjerda om skulen i Dale kjem etter påtrykk frå næringslivet i regionen. Eg må då berre stille spørsmålet: Er ikkje transport med i næringslivet lenger? Ser dei ikkje samanhengane i det heile teke? Kven er det som skaffar varene til dette næringslivet? Det er jo transportgruppa som dei no rett og slett kuttar ut, seier han.