Hopp til innhold

Denne fjellovergangen er stengt ut dagen

Fylkesveg 55 over Sognefjellet kjem til å vere stengt ut dagen. Ny vurdering i morgon.

Sognefjellet sept. 2014

STENGT: Vegen over Sognefjellet er stengt ut dagen. Slik ser det ut ved Sognefjellshytta laurdag formiddag.

Foto: Sognefjellshytta

– Sognefjellet vil ikkje open før i morgon. Då vert det ny vurdering, seier vakthavande hjå vegtrafikksentralen, Jan Erikstad.

Det var snakk om at det skulle vere ny vurdering klokka 13 i dag, men på grunn av mykje oppryddingsarbeid vert den utsett til søndagen. Etter snøfallet i går var det fleire bilar som trengde hjelp på Sognefjellet

– Det har kome ned noko nedbør der i natt, og i går måtte det fjernast ein del bilar, så ein ligg litt etter skjema der, fortel Erikstad.

– Felles for alle dei høgaste fjellovergangane i fylket er at det er litt sørpe på toppane. Det er snakk om heilt i toppen, og det er salta, så i løpet av kort tid så vil nok det forsvinne, fortel Erikstad.

Dette gjeld både på Rv15 Strynefjellet, Fv. 53 Årdal-Tyin, Rv. 52 Hemsedalsfjellet og Fv.50 Aurland-Hol. På E16 overFilefjell har dei førebels ikkje fått melding om at det skal liggje noko sørpe.

Politiet har fått melding frå trafikantar i natt om at det snødde på Hemsedalsfjellet, og at dette skapte problem. Politiet seier det ikkje er tilrådeleg å køyre over fjellovergangane på sommardekk. Erikstad ber også folk vere varsame om dei ikkje er skikkeleg skodde for føret.

– Dei første timane no så skal ein vere litt obs. Meldingane for dagen og kvelden er at det skal vere litt høgare temperaturar enn det var i går, så vi håpar ein slepp unna den kvite nedbøren i natta som kjem, seier Erikstad.

Vegtrafikksentralen har elles ikkje fått inn meldingar om andre ting på vegane.

Sognefjellshytta

KVITT: Slik ser det ut ved Sognefjellshytta laurdag formiddag. Langs veggen ser ein tydeleg at snøen har lagt seg. Vegen over fjellet vil vere stengt ut dagen.

Foto: Sognefjellshytta