Hopp til innhold

Her slår bølgja langt over fyrhuset

Øystein Nordås frå Hamar fekk definitivt valuta for pengane då han søkte ekstremvêr på Kråkenes.

– Ja, «gå ta bana». Det skal eg seie. Dagen i dag har vore heilt fantastisk. Mykje tøffare enn eg hadde førestelt meg. Maken altså. Dette hadde eg ikkje trudd, seier han og etter kvart blir tom for skildrande ord for møtet med «Berit».

– Kaotisk dag

Turen til eitt av Noreg sine mest verutsette stadane på vestkysten av Norge, bestilte han for to-tre veker sidan.

Øystein Nordås nyt stormen

VALUTA: Øystein Nordås fekk langt meir enn han hadde håpa på i jakta på Vestlandsstorm.

Foto: Øystein Nordås

Han håpa å få oppleve storm under det få dagar lange opphaldet, men returnerer laurdag til Hamar etter å ha fått opplevd orkan. Og over 1 000 fotomotiv rikare, som han no må til å sortere på.

– I dag har det vore kaotisk. Det byrja med full orkan og at straumen gjekk. Så viste det seg at mobilen var utlada og eg tok ein køyretur for å lade mobilen. Der var det så mange motiv i fjæresteinane at eg ikkje var inne att før i 13-tida, fortel Nordås.

Tilfeldig oppleving

Nordås har aldri hatt eit slikt ekstremt møte med naturkreftene. Turen bestilte han då det passa seg slik med ferieavviklinga.

– Då var det ikkje meldt slikt ver. Det var meldt regn og eg var ganske skuffa over at det ikkje skulle bli dårlegare. Eg følgde med på yr.no, men først for nokre dagar sidan kom åtvaringa. I dag vart det bølgjer, vind, kaos. Strålande. Kjempeartig, jublar han.

Sov som ein stein i orkan

Til alt overmål gjekk det greitt å sove natt til torsdag. Sjølv om vinden og bølgjene herja på Kråkenes.

– Det gjekk heilt topp. Eg sov som ein stein, og må seie eg vart overraska då eg vakna og høyrde det var målt 64 knop i natt, fortel han.

Bettina Vick Bickhardt har saman med ektemannen Thomas Bickhardt drive Kråkenes fyr i 13 år. Ho har stor forståing for at Nordås er imponert. Ved Kråkenes vart vinden målt til 66 knop mellom klokka 14 og 15 i dag.

Utanom det vanlege

– Dagen i dag var ganske unik. Det vart ei utruleg mektig naturoppleving, seier ho og kan skrive under på at det har vore ein svært spesiell dag på Kråkenes.

Bettina Vick Bickhardt

HEFTIG: Bettina Vick Bickhardt kan skrive under på at det vart ein heftig dag på Kråkenes fredag.

Foto: Thomas Bickhardt / Bickfoto

Stormen er ein av de kraftigaste av sitt slag på ti år. Rett nok har Bickhardt opplevd orkan på Kråkenes før, men «Berit» vart ein orkan utanom det vanlege.

– Det var ikkje så mykje vind, men sjøen var frykteleg uroleg og gav store bølgjer, seier ho.

Slo over huset

– Då eg kom her, fekk eg gode dusjar frå sjøen då eg skulle ta ut bagasjen. Eg vart heilt våt, og vart litt redd. Noko slikt har eg aldri opplevd før, legg Bickhardt til.

Fleire av bølgjene nådde opp til og over fyrhuset som står kring 50 meter over fjæra.

– Det er vanskeleg å førestelle seg korleis noko slikt kan opplevast. Men det er spanande, seier ho løyndomsfullt.

I kveld skal ho få besøk av fleire. Saman skal dei meditere og massere. Ein person har allereie varsla at ho ikkje vågar å ta turen. Bickhardt er ikkje redd.

– Nei da, det er trygt og godt i huset. Det er bygt for å tole det, seier ho.