Hopp til innhold

Her kjem det historiske tunnelinnslaget

STAD (NRK): Det er lenge til den første salva. Men etter tiår med arbeid, ei lang rekkje utgreiingar og «ja» og «nei», tok Stad skipstunnel eit formelt og langt steg mot realisering i dag.

Her skal tunnelen komme

INNSLAGET: Her, ved Moldefjorden, skal tunnelinnslaget komme. Det var god stemning blant Jarle Strand (sjefingeniør i Kystverket), prosjektleiar Randi Paulsen Humborstad, Terje Andreassen (avdelingsleiar i Kystverket) og ordførar Ottar Nygård (Samlingslista).

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er ein stor dag og på mange måtar ein milepæl for Stad skipstunnel. No går vi på mange måtar inn mot sluttfasen av prosjektet, stråla Selje-ordførar Ottar Nygård (Samlingslista).

Formell oppstart

For i dag var det formelle oppstartsmøtet mellom Kystverket og kommunen.

På rekkje og rad følgjer reguleringsplan, forprosjekt, konsekvensutgreiing og til slutt ei ekstra kvalitetssikring av det som blir verdas første skipstunnel.

Ein nedredigert versjon av Nordwest3D sin prosjektvideo av Stad skipstunnel.

SJÅ VIDEO: Ein nedredigert versjon av Nordwest3D sin prosjektvideo om Stad skipstunnel.

– Og alt skal vere klart til 2017 når Stortinget skal fatte vedtak om Nasjonal Transportplan, seier Nygård med håp om at den første salva kan gå mellom 2018 og 2021.

Få skjær i sjøen

Tunnelen har vore greidd ut ei lang rekkje gonger. Prislappen har gjennom åra gått frå 300 millionar, til to milliardar kroner. Til slutt snudde også Kystverket frå nei til ja.

Sjefsingeniør Jarle Strand i Kystverket

VIKTIG: Sjefingeniør Jarle Strand i Kystverket meiner tunnelen er viktig for trafikken langs kysten. – Tunnelen er i utgangspunktet bygt for å ta igjennom trafikken når det er dårleg ver rundt stad. Sikre at vi får effektive og trygge farleier forbi Stadlandet, seier han.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er berre kjempespennande. For Kystverket er det veldig interessant arbeid, seier sjefingeniør Jarle Strand og seier at slik det ser ut no, så er det berre politikarane som kan hindre oppstart.

– Vi har gjort mange utgreiingar. Norge er veldig gode på å ta ut fjell og byggje tunnel. Det kjenner vi oss trygge på. Så har vi litt utfordringar rundt maritime løysingar og korleis leie båtane trygt inn og ta dei gjennom tunnelen på ein trygg måte, legg Strand til.

To milliardar kroner

For Nygård var det ein svært spesiell dag. Han har jobba for tunnelen sidan 1985 og vore prosjektansvarleg sidan prosjektet starta opp i 2011. Det har aldri vore noko alternativ å gi opp kampen.

Selje i møte med Kystverket om skipstunnelen.

VIKTIG: Ottar Nygård (ståande) har i ei årrekkje jobba for å få realisert skipstunnelen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Tunnelen som kan gi ei trygg lei rundt vêrharde Stadhavet har aldri vore nærare realisering.

– Prosjektet er så unikt og viktig. Også nasjonalt. Dette vil skape ein regularitet og så sikker segling forbi Stadhavet at det er ingen grunn til å gi seg her, seier Nygård.

– Er den verdt kostnaden?

– Jada, og det viser den samfunnsøkonomiske nytteverdien som vi i prosjektet har lagt fram. Så må ein tenkje framtid. Her skal vi ha ein seksdobling av sjømatnæringa, sikker transport av fisk og gods mot Europa. Vi skal ha ny hurtigbåtrute. Berre det står ein kostnad til 478 millionar kroner.

Har utgreiingar att

Hos Kystverket er sjefingeniør Strand klar på at det framleis er mykje som må vurderast i både forprosjekt og reguleringsplan.

Mellom anna kva all steinen som må takast ut skal nyttast til.

– Og framleis er her tekniske utgreiingar rundt tunnelkonstruksjonen. Arbeidet med reguleringsplanen er alltid spennande, seier han.