Hopp til innhold

Sein telefonsamtale sikra skipstunnel

Då den tidlegare fiskeriministeren fekk ein telefonsamtale ein sein kveld, blei det utslagsgjevande for hennar syn på Stad skipstunnel. Fleire politikarar og næringslivsfolk har eit langt og personleg forhold til skipstunnelen.

Liv Signe Navarsete, Rolf Domstein og Lisbeth Berg-Hansen er samla på hurtigruta Nordlys

HAR TRU PÅ SKIPSTUNNEL: Liv Signe Navarsete (Senterpartiet), Rolf Domstein (Høgre) og Lisbeth Berg-Hansen (Arbeidarpartiet) håpar alle at Stad skipstunnel skal bli ein realitet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Då eg fekk den samtalen, forstod eg kor viktig skipstunnelen er, fortel Lisbeth Berg-Hansen (Ap) som er tidlegare fiskeriminister.

Stad skipstunnel er tema for ein konferanse på hurtigruta sin ferd frå Bergen til Ålesund. Med på turen er det fleire som har personleg og politisk engasjement for skipstunnelen, mellom anna Liv Signe Navarsete (Sp).

– No må vi i lag syte for at planane vert realisert, for det er no eller aldri, seier ho i ein pause i konferansen.

Ho er glad for at planane om Stad skipstunnel har kome så langt som dei har, og meiner det er fleire som skal ha takk for at prosjektet har nådd så langt.

– Ei spennande reise

Senterpartiet var i si tid snare med å legge skipstunnelen inn i arbeidsprogrammet sitt, og Navarsete er klar på at partiet har gjort sitt for å få gang i planane.

Sjølv kjente ho prosjektet frå tida ho sat i fylkestinget, og tok det med seg da ho starta på Stortinget.

– Skipstunnelen var eit av dei siste prosjekta vi fekk inn i den siste Nasjonal transportplan til den raudgrøne regjeringa, seier Navarsete, og legg til:

– Det har vore ei spennande reise, men ho er ikkje slutt.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Stad skipstunnel skal gå gjennom dette fjellet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden.

1,8 KILOMETER: På dette flyfotoet ser vi kvar Stad skipstunnel skal gå – frå Moldefjorden (til høgre) til Kjødepollen (til venstre).

Foto: Stig Silden

Trudde ikkje det var liv i saka

Navarsete antyda i sitt innlegg på konferanse at det var ein dragkamp for å få prosjektet inn i Nasjonal transportplan.

Det kan tidlegare fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen frå Arbeidarpartiet skrive under på.

– Du var jo nesten klar for å leggje prosjektet vekk og fortelje folk at det ikkje vere noko av skipstunnelen. Men så skjedde det noko som gjorde inntrykk på deg?

– Ja, eg fekk jo ansvar for dette prosjektet i 2009 da eg kom inn som fiskeri- og kystminister. Eg vart overraska over at det var liv i saka, for eg kjente ho jo frå nittitalet, da denne saka levde eit godt liv. Som politikar meiner eg at vi av og til må seie til folk at ting ikkje er mogeleg, og eg trudde det var slik med denne saka, fortel Berg-Hansen.

Den tidlegare fiskeri- og kystministeren måtte, som politikarar flest, avgjere kva ein skal prioritere å bruke pengar på, og med ei kostnadsramme på rundt 2 milliardar, var dette store pengar for fiskeri- og kystdepartementet. Prosjektet ville bli for dyrt.

Så kom ein telefonsamtale som fekk Berg-Hansen til å tenke seg om.

Ein telefonsamtale til ettertanke

Rolf Domstein som er styreleiar for prosjektgruppa som jobbar for skipstunnelen, ringde ein sein fredagskveld for å fortelje ministeren at kvitfiskforedlinga i Måløy kom til å måtte seie opp 100 tilsette. Mange kom til å stå utan arbeid.

– Og så seier han til slutt: Hadde vi no enda hatt hurtigbåtrute til Sunnmøre, så kunne i alle fall folk ha dagpendla dit. Og da skjønte eg at det handla om å utvide arbeidsmarknaden, ikkje berre i Måløy, men for områda rundt også. Og da skjønte eg kor viktig skipstunnelen er, fortel Berg-Hansen.

– Rolf Domstein, hugsar du den telefonsamtalen?

– Ja, det hugsar eg. Dette er nok noko av det vanskelegaste eg har vore med på i mi karriere. Akkurat denne koplinga til Stad skipstunnel var nok heilt spontan, for Lisbeth spurte: "Har desse menneska mogelegheit til å finne seg anna arbeid?", byrjar Domstein:

– Hadde vi hatt eit hol gjennom Stad så ville det vore lettare. Det har gått bra med dei hundre sjølv om vi ikkje hadde skipstunnelen, men arbeidsmarknaden ville ha vore enda større om tunnelen hadde vore der.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Video Samfunnsnytten større enn rekna med

GIGANTISK: Den 1,8 kilometer lange tunnelen gjennom fjellet skal vere 40 meter høg. Meir ein fjellhall enn ein tunnel, seier prosjektleiaren.

Foto: Nyhetsspiller

Kryssar fingrane for fortgang

Eit av dei viktigaste argumenta for skipstunnelen er at ein skal kunne ta hurtigbåten på halvanna time til Ålesund, og gjere vegen kort frå Nordfjord til Sunnmøre.

Arbeidsmarknaden vil dermed kunne utvidast og det vil bli enklare å pendle i mellom fylka.

Liv Signe Navarsete kryssar no fingrane for at regjeringa vil sjå nytta i prosjektet.

– I dag sa Kystverket til NRK at i 2018 vil det vere klart viss politikarane følgjer opp med løyvingar. Trur du at ein kan forvente det?

– Eg håpar at statssekretæren i dag kan kome med positive signal om at ein vil starte reguleringsplanarbeid. Eg trur alle er einige om at det ikkje trengst meir utgreiing, no er det rein førebuing til oppstart, så eg kryssar fingrane om at han kjem med positive signal i dag.