Hopp til innhold

Ny gruverapport åtvarar mot fjorddeponi

Havforskingsinstituttet meiner å ha gjort nye funn som forsterkar åtvaringane mot eit fjorddeponi i Førdefjorden.

Steinbrotet i Engebøfjellet
Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Instituttet har i løpet av hausten gjennomført ei såkalla numerisk simulering av straumen i fjorden, basert på data frå ein to månader lang periode i 2006, skriv avisa Firda.

Resultatet frå simuleringa, syner at det strøymer vatn inn i dei nedre laga av bassenget utanfor Vevring. Dette får vatnet og dermed også småpartiklar til å heve seg.

Store utskiftingar i vatnet

– Biletet som teiknar seg, er at det er store rørsler og utskiftingar i vatnet i fjorden, og at djupvatnet regelmessig blir ført opp og flyt som ei elv over tersklane ved Redalsvika og i Ålesundet.

Det seier havforskar Terje van der Meeren til Firda.

Har ulike meiningar

Norsk institutt for vassforsking (NIVA) hevdar at sprangsjiktet i fjorden ligg på mellom 100 og 150 meters djup. Havforskingsinstituttets målingar syner derimot at sprangsjiktet i periodar er grunnare enn 50 meter.

Erik Solheim

MØTT AV DEMONSTRANTAR: Erik Solheim var på synfaring denne veka, og vart møtt av mange gruvemotstandarar.

Foto: Line Lønning / Natur og Ungdom

Gruveselskapet Nordic Mining ønskjer å dumpe overskotsmasse frå ei eventuell gruve i Engebøfjellet ved Vevring.

NIVA meiner fjorden ikkje vil ta skade av dette, medan Havforskingsinstituttet åtvarar sterkt mot å byggje fjorddeponi i Førdefjorden.