Hopp til innhold

Røynd Bolseth-kompis har signert toårskontrakt med Sogndal

Den røynde spelaren Helge Haugen har signert ein toårskontrakt med Sogndal. Han har tidlegare spelt i Hønefoss med Rune Bolseth og i Brann med Eirik Bakke.

Created by InfoDispatcher

KLAR: Helge Haugen signerte for Sogndal. Foto: Noralv Pedersen

Sogndal har i dag gjort sin andre signering i løpet av kort tid. Helge Haugen har signert ein 2 års avtale som held han i klubben ut 2015.

Helge Haugen har tidlegare spelt saman med Rune Bolseth i Hønefoss og Eirik Bakke i Brann. Haugen seier det har spelt ei stor rolle i val av klubb.

– Det har vore viktig. Eg veit litt meir kva eg går til. Det er trygt og godt for både meg og familien.

Hauge kjem til å møte sin tidlegare lagkamerat, Rune Bolseth på midtbana. Denne konkurransen er han spent på.

– Det må vere konkurranse om plassane. Rune er ein av grunnane til at eg valte Sogndal. Eg kjenner han godt frå før, og har konkurrert litt med han tidlegare. Det blir berre bra, seier Haugen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rune Bolseth

FÅR NY MEDSPELAR: Helge Haugen kjem til å konkurrere om speletid på midtbana med mellom anna Rune Bolseth.

Foto: Christian Blom

LES OGSÅ: Sogndal-trenar henta islending frå IFK Gøteborg

LES OGSÅ: Koomson ferdig i Sogndal

Fornøgde med å få Haugen på laget

– Han spelte i saman med Bolseth då dei grønkledde gjorde det godt for eit par år sidan. Han er ein flott type som kjem til å passar bra inn i spelargruppa vår, fortel Håvard Flo i Sogndal fotball.

Eirik Bakke er fornøgd med å få Helge Haugen tilbake som lagkamerat.

Eirik Bakke

SER FRAM TIL Å SPELE MED HAUGEN: Han er ein god Tippeligaspelar, seier Eirik Bakke.

Foto: Arve Uglum / NRK

– Han passar oss veldig godt både som fotballspelar og person. Han er ein god Tippeligaspelar, og vil passe godt inn med dei andre type spelarane me har. Han er òg eit godt førebilete for dei unge spelarane våre, både på og utanfor bana.

Haugen er ein midtbanespelar som har vore innom klubbar som Hønefoss, Tromsø, Brann og Åsane tidlegare i karrieren si.

Helge Haugen rykte ned med Hønefoss i årets sesong, og sidan kontrakten hans har gått ut vart han henta av Sogndal som Bosman-spelar.

– Vi har hatt Helge i kikkerten ei stund, han har vore ei viktig brikke på Hønefoss. Då han såg på moglegheita til å skifta til ein ny klubb gjorde me ein førespurnad om å komma til oss. Det var han gira på, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Håvard Flo

FORNØGD MED NY SIGNERING: Han passar godt inn i spelegruppa vår, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

LES OGSÅ: Ekspertane: Sogndal må bli betre offensivt for å klare ein sesong til i eliteserien

Viktig å halde seg i eliteserien

Helge Haugen skåra det fyrste målet for Hønefoss i kampen mot Sogndal 3. november. Kampen gav ringerikslaget eit håp om å overleve i eliteserien etter at dei slo sogndølane 3–1.

– Styrken min er fyrst og fremst defensivt. Sjølv om eg scora mål mot Sogndal sist, er det ikkje så ofte det skjer. I hovudsak er det på det defensive områda eg vil gjere ein best jobb. Så får dei som har litt fart og kan score mål, ta seg av det.

Det har vore viktig for Haugen å halde fram i eliteserien.

– Eg skjønnar at eg kanskje ikkje har så veldig mange år igjen som fotballspelar, så då vil eg spele på høgast mogleg nivå.

Haugen fekk tilbod frå andre klubbar, men vil ikkje seie noko om innhaldet i dei, eller om dei kom frå andre eliteserieklubbar.

No ser både han og familien seg til å flytte til Sogndal.

– Familien min gler seg. Me kjem litt nærmare Bergen der me har resten av familien, og me kjem oss tilbake til Vestlandet med fjord og fjell. Det er heilt topp. Eg ser på Sogndal som eit lag med eit potensial der eg trur eg kan bidra. Eg føler meg ønska, og det har og vore viktig for meg, seier Haugen.