Hopp til innhold

Ordførar trygg på at nytt styre vil gjere ein god jobb for eigarane

Aurland ressursutvikling har fått ny styresamansetnad. Aurland-ordførar Noralv Distad er trygg på at styret vil gjere ein god jobb for selskapet.

Noralv Distad

NYTT STYRE: Noralv Distad er godt nøgd med den nye styresamansetnaden i selskapet Aurland Ressursutvikling.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ivar Bjarne Underdal som har leia selskapet gjennom ein tøff periode i det siste, går no av som styreleiar.

Under generalforsamlinga onsdag kveld vart det valt nytt styre, der to ny personar kom inn.

Vidar Grønnevik som har representert Aurland kommune, og Rolf Sandvik frå SIVA vart attvalde som styremedlemmer. Knut Helge Kjærvik frå Aurland Sparebank kom inn som ny styremedlem, medan Sverre Tysland som er partner i advokatfirmaet Selmer DA er valt til ny styreleiar.

Aurland kommune er nest største eigar i selskapet, med ein eigardel på 40 prosent. Ordførar Noralv Distad seier det ikkje er noko dramatikk knytt til endringa i styresamansetnaden.

– Slik eg vurderer det har ein fått eit veldig solid styre som vil vere godt rusta til å gjere ein god jobb i tida framover.

Har lagt bak seg eit tøft år

Aurland Ressursutvikling eig fleire reiselivsselskap i regionen, og har lagt bak seg eit tøft år. Krangelen om vidare drift av Flåmsbana var i vinter ei bitter konflikt mellom NSB og Flåm Utvikling, eit selskap som til no har vore heileigd av Aurland Ressursutvikling.

Dei siste 15 åra har Flåmsbana vore drifta av NSB til kostpris, medan Aurland Ressursutvikling har stått for alle utgifter til marknadsføring og har fått alle inntektene.

Men ved nyttår gjekk avtalen ut, og partane var lenge i forhandlingar om den framtidige drifta. Berre dei siste seks åra har Flåm Utvikling hatt eit samla overskot på 130 millionar kroner, og begge partar ønskte å få mest mogleg av kaka.

Enden på visa var at NSB i slutten av februar la 10 millionar kroner på bordet og fekk 50 prosent av aksjane i Flåm Utvikling AS.

– Ingen dramatikk

Det er Ivar Bjarne Underdal som har leia Aurland Ressursutvikling gjennom den tøffe perioden. Han avviser overfor NRK at det er noko dramatikk knytt til at han no sluttar i jobben.

– Dette er i tråd med føresetnadene som vart avtalt då eg tok jobben, seier Underdal til NRK.no.

Han er trygg på at Sverre Tysland som tek over jobben hans vil gjere ein god jobb for selskapet.

– Eg trur det er eit veldig godt val i den tida som kjem no. Eg kjenner han, og har eit godt forhold til han, og trur dette er eit solid grep, seier Underdal.

Store oppgåver framfor seg

Heller ikkje Aurland-ordførar Noralv Distad ser på utskiftingane som dramatiske.

– Det er heilt naturleg når selskapet går inn i ein ny fase, at ein set saman eit styre som vil vere handlekraftig, og til det beste for selskapet og eigarane.

Distad seier selskapet har utfordrande oppgåver framfor seg. Aurland Ressursutvikling er eigar av mellom anna Flåm Hotell AS, Flåmsbanemuseet AS, Flåm Resort AS, Fjord Oppleving AS for å nemne noko.

– Det som er viktig i tida framover er å skape lønsemd i selskapa, skape verdiar for eigarane og for reiselivet i Aurland og regionen. Til saman er dette viktige selskap, og vi må også ha eit godt samarbeid med dei andre selskapa og bedriftene i regionen, seier Distad til NRK.no.

Og han får støtte frå Høgre sin gruppeleiar i Aurland, Monica Finden.

– Dette har lege i korta lenge, og det er alltid godt å få inn fornying.

– Eg håpar at det nye styret har fokus på at selskapet skal gå med forteneste, og at ein skal få til eit godt samarbeid med resten av turistnæringa i regionen.