Hopp til innhold

Full krangel mellom NSB og Aurland Ressursutvikling

Det er full krangel mellom NSB og Aurland Ressursutvikling om den framtidige drifta av Flåmsbana.

Flåmsbana vinterstid

HEIT POTET: NSB og Aurland Ressursutvikling har gjennom 15 år hatt kvar si rolle i suksessen til Flåmsbana. No ynskjer begge så mykje som mogeleg av kaka - og avtalen er ikkje fornya.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Medan NSB avviser vidare forhandlingar, krev Aurland Ressursutvikling vidare forhandlingar.

Denne veka vart det brot i forhandlingane mellom partane, noko som resulterer i at NSB driv Flåmsbana åleine.

– Eg har aldri opplevd liknande i forhandlingar, og eg har vore med i ein del forhandlingar, seier Ivar Bjarne Underdal, styreleiar i Aurland Ressursutvikling.

Uaktuelt å strekkje seg

Avtalen gjekk ut ved nyttår, men partane forhandla på overtid fram til brotet denne veka. NSB har dei siste 15 åra drifta turistmagneten til kostpris, medan Aurland Ressursutvikling har stått for alle utgifter til marknadsføring og har fått alle inntektene.

NSB har lagt fram eit avtaleutkast til utviklingsselskapet. I ein mail frå 14. februar kjem det klart fram at NSB ikkje godtek noko anna enn utkastet.

– Nei, det er det ikkje, stadfestar Haakon Myhre i NSB.

Dramatisk

Likevel vart det på tysdagens ekstraordinære generalforsamlinga i Aurland Ressursutvikling å prøve å ta opp att forhandlingane med NSB. For den 20,2 kilometer lange bana frå Flåm til Myrdal har betydd mykje for Aurland.

I fjor reiste over 635.000 turistar med bana. Dersom avtalen ikkje blir fornya, kan det bli dramatisk for reiselivet i Flåm.

Flåm Utvikling har dei siste seks åra hatt eit samla overskot på 130 millionar kroner. No ynskjer begge partar å ha mest mogeleg av kaka.

Avviser press

Myhre avviser på si side påstandar frå Underdal om at NSB har prøvd å presse Aurland Ressursutvikling til å godta avtalen innan alt for korte fristar.

– Det kjenner vi oss ikkje att i, og det finn vi oss eigentleg ikkje i. For det vi har snakka om her er ei forhandling som har pågått i nær eitt år. Vi starta forsiktig i starten, og så vart det meir og meir møte utover hausten. NSB har endåtil utsett fristen frå 31. desember til 15. februar, så då påstå at vi pressar og er arrogante det høyrer ikkje nokon stad heime, seier han.

Ingen frist

Underdal hevdar på si side at det ikkje har gått ut nokon frist «for lenge sidan».

– Det er einsidige fristar frå NSB si side som er sett, seier han.

– NSB seier det er uaktuelt å forhandle vidare?

– Ja, det høyrer vi.

– Så de prøver å presse NSB tilbake til forhandlingsbordet?

– Nei, ikkje å presse. Vi inviterer dei tilbake.