Hopp til innhold

Håpar å få endeleg svar på dødårsak denne veka

Ei og ei halv veke etter at Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden, ventar politiet framleis på den endelege obduksjonsrapporten.

Asle Karoliussen

TID: Regionlensmann i Sogn, Asle Karoliussen, trur ein tidlegast kan håpe på eit endeleg svar på dødsårsaka til Veronica Heggheim Stegegjerdet mot slutten av denne veka.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har fått opplysningar om at rapporten vil kome innan rimeleg tid, men det er mange analysar som skal på plass. Er vi heldige, så kan vi få den mot slutten av denne veka. Det er det tidlegaste vi kan håpe på, då har det gått raskare enn vi har trudd, seier regionlensmann Asle Karoliussen.

Då den mellombelse obduksjonsrapporten var klar sist veke vart det også klart at dødsfallet til 22 år gamle Veronica Heggheim Stegegjerdet blir etterforska som eit mistenkjeleg dødsfall. Politiet har til no ikkje villa sagt noko om dødsårsaka.

Utfordrande å få tilgang til sosiale medium

Mellom 15 og 20 personar jobbar med saka, og politiet har også fått hjelp frå Kripos til taktisk og teknisk etterforsking. Kring 60 personar har vore inne til avhøyr i saka. Framleis står det att ein del informasjonsinnhenting.

– Vi har slite med å få tilgang til nokre sosiale medium. Facebook har vore den

Veronica Heggheim Stegegjerdet

UVISST: Førebels vil ikkje politiet seie kva Veronica Heggheim Stegegjerdet døydde av.

Foto: Privat

største utfordringa for oss. Det blir jobba med, og noko er avklart, medan andre ting tek tid. Vi håpar det kjem på plass etter kvart, slik at vi får oversikt over det vi treng, seier Karoliussen.

Stegegjerdet hadde vore sakna i nær tre veker då ho vart funnen omkomen i fjorden like ved bustaden sin. Samstundes som det vart leita etter 22-åringen starta politiet også etterforsking med tanke på å finne ut kva som kunne ha skjedd ho. Det arbeidet held no fram.

– Vi er om lag like mange som jobbar med saka no som tidlegare. Kor tid vi nærmar oss ein konklusjon veit eg ikkje. Vi må ta ein og ein dag, og ei veke om gongen, så får vi sjå kvar vi endar opp til slutt.