Hopp til innhold

Dei grøne går frå ei til ni kommunelister

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) stiller liste i fleire kommunar i Sogn og Fjordane enn nokon gong når veljarane skal til stemmeurnene i haust.

Stein Malkenes

NI KOMMUNAR: Ved valet til hausten stiller Miljøpartiet Dei Grøne lister i ni kommunar, i tillegg til fylkestingsliste, der Stein Malkenes (biletet) skal kjempe for å kome inn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det har gått over all forventning. Då snøballen byrja å rulla var det mange som hengde seg på, seier Marièl Eikeset Koren, sekretær i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Sogn og Fjordane.

Partiet stiller liste i ni kommunar og til fylkestingsvalet, og jobba hardt mot fristen som gjekk ut 31.mars.

– Nokre store kommunelag har vore aktive ganske lenge, men andre har kome på bana det siste året og dei siste vekene, seier Koren.

Det nasjonale resultatet etter kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011 var 18 representantar i kommunestyre, og ein representant på fylkestinget i Hordaland. Ifølgje partiet sine nettsider blir det liste i 262 kommunar til hausten.

Størst tru på Aurland og store kommunar

I Sogn og Fjordane var Aurland einaste kommune med MDG-liste i 2011. Der fekk partiet 6,5 prosent av stemmene og Monica Gjesdal Larsen inn i kommunestyret.

– Vi kallar Aurland for urlista i Sogn og Fjordane. Vi har veldig stor tru på den lista, for der ligg jo også landbruksskulen, seier Koren og legg til:

– Eg har sjølvsagt store forhåpningar til kommunane der vi stiller størst liste, det er Flora, Stryn og Sogndal.

Ein annan som er spent på kva miljøpartiet kan klare, er sekretær i fylkesvalstyret, Knut Henning Grepstad.

– Dei store og tradisjonelle partia har godt fotfeste. Det er vanskeleg for mindre parti. I den samanhengen blir det spanande å sjå kva dei grøne kan klare. Partiet stiller eit betydeleg større tal lister enn ved førre val.

Kamp om miljøveljarane

Miljøspørsmål blir naturleg nok viktige for MDG i valkampen, og sekretæren nemner gruvedrift og tilhøyrande sjødeponi i Førdefjorden – og naturvernområde – som konkrete saker.

– Overordna er det miljøsakene vi står sterkt på. I tillegg er det viktig å ta vare på verdiane som ikkje kan kjøpast for pengar, seier Koren.

Andre parti som profilerer seg på miljøsaker, som Venstre og SV, er kanskje partia som har mest å frykte.

– Det har tradisjonelt vore slik, men vi skal vere klare over at det er ein viss skilnad på profilen parti har før stortingsval og før kommune- og fylkesval. Dette blir eitt av dei spennande momenta, seier Grepstad i fylkesvalstyret.