Hopp til innhold

Skulle vere kreative - no fryktar rådmann at politikarane har måla seg inn i eit hjørne

Politikarane i Gloppen skulle vere kreative og finansiere Trivselshagen utan å auke gjelda til kommunen. Men selskapet Gloppen Energi som eig kommunen sine kraftverdiar har 60 millionar kroner i gjeld, og snart ikkje pengar til å betale avdrag.

Trivselshagen på Sandane og rådmann Jan Kåre Fure

UROA: Rådmann Jan Kåre Fure fryktar for konsekvensane av at Gloppen Energi har 60 millionar i gjeld, og snart ingen pengar til å betale avdrag.

Foto: Inger Johanne Ruset/privat / NRK/privat

– Vi er ikkje blitt pressa opp i hjørnet av nokon andre enn oss sjølve, seier rådmann Jan Kåre Fure i Gloppen kommune.

Han sit med ei diger saksutgreiing framfor seg på rådhuset på Sandane. Snart skal politikarane ta stilling til tre saker der store kraftverdiar står på spel.

Hovudårsaka er å finne lenger oppe i gatene på Sandane. Der ruvar Trivselshagen, kommunen sitt praktfulle skule, kultur og idrettsanlegg, i tilknyting til Firda vidaregåande skule.

Ville klare det utan å selje aksjar

I 2007 kjempa kommunen for å finne pengar til utbygging. Målet var å klare det utan å måtte selje kommunen sine kraftaksjar.

Løysinga var å opprette eit eigarselskap, Gloppen Energi AS, som betalte kommunen for å ta over både kraftanlegg og kraftaksjar.

Men den løysinga vart i realiteten berre å flytte gjelda for Trivselshagen over i Gloppen Energi. No har ikkje Gloppen Energi pengar til å betale avdraga. Utbytta frå SFE er ikkje nok.

– Dette selskapet har ikkje pengar til å handtere det lånet når avdraga tek til å gå i 2016. I tillegg til å bli kraftproduksjonseigarar, må vi også syte for at Gloppen Energi AS har pengar til å handtere det lånet som er teke opp, seier Fure.

Vert ikkje låna handterte vil kommunen måtte gi frå seg B-aksjane i SFE som Sparebanken har pant i.

– Viss dei ikkje klarar å handtere lånet, vil aksjane gå tapt. Så enkelt er det, seier Fure.

Har inntekter i vente

Han ser bort frå at det er mogleg for kommunen å låne pengar på eiga hand.

– Nei, paragraf 50 i kommunelova avgrensar kva kommunen kan låne pengar til. Den type investering kan ikkje kommunen ta opp lån til, seier Fure.

Men dette er ein situasjon politikarane har sett seg i sjølve og med vilje. For ved nyttår skal kommunen ta tilbake kraftanlegga i Gloppenelva som har vore leigde ut til SFE fordi leigeavtalen går ut.

Kommunen får då nøklane til stasjonane i Eidsfossen, Trysilfossen og Evebøfossen, og ei rekning på 23 millionar kroner for å dekke investeringar SFE har gjort:

Men med eigarskap føl det også med inntekter, truleg nok til å betale gjelda.

– Det kan ein aldri vere hundre prosent trygg på. Dette vil vere avhengig av to ting, det eine er utbyte på aksjane frå SFE og det andre er, viss selskapet skal produsere og selje straum, prisen på straumen i framtida, seier Fure.

Er i tvil om politikarane gjorde noko lurt i 2007

Han peikar på at framtidig kraftpris kjenner ein ikkje mykje til.

– Men ein veit vel så mykje at dei vil kunne handtere lånet med å bli kraftverkseigarar. Det er vi rimeleg sikre på, seier Fure.

Kommunen må no sikre Gloppen Energi nok inntekter, og gjelda til selskapet er så stor at det kan sette planar om fornying og utbygging av kraftstasjonane i fare.

Om ikkje kommunen vil bygge ut meir, går også framtidige inntekter ned. Fure er i tvil om det var lurt av politikarane å gjere det dei gjorde i 2007.

– I ettertid kan ein vel seie at det ikkje var den luraste måten å gjere det på. Vi skulle lånt dei pengane sjølve. Men det var ei politisk avgjerd de gongen at kommunen ikkje skulle låne til bygginga, seier Fure.

Men ordføraren er ikkje uroa

Senterpartiordførar Anders Ryssdal i Gloppen fryktar ikkje at kommunen sitt eige energiselskap skal få trøbbel med å gjere opp for seg.

– Vi har gode utrekningar frå landets fremste ekspertar. Vi kan også håpe på at det vert ein liten slump til nyinvesteringar og vedlikehald av kraftverket, seier Ryssdal.

Han meiner politikarane tok ei fornuftig avgjerd i 2007.

Anders Ryssdal

FORNUFTIG: Gloppen-ordførar Anders Ryssdal meiner politikarane gjorde eit smart trekk i 2007.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg meiner klart at det var ein fornuftig måte å gjere det på. Vi fekk løyve frå departementet til å bruke framtidige kraftinntekter til å finansiere Trivselshagen, og Trivselshagen har hatt store ringverknadar her, seier Ryssdal.

Kommunen har tidlegare hausta kritikk for måten kraftverdiane har blitt forvalta på, fordi ein i 1995 leigde ut kraftstasjonane til SFE for det som truleg var ein altfor låg sum.

Men Ryssdal meiner ein no gjer rett når ein no tek tilbake kraftstasjonane og brukar dei til å betale gjelda på Trivselshagen.