Under den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen i august brukte brannkorpsa både i Sogn og Fjordane og Hordaland det nye digitale naudnettet. Men leiinga i Hordaland bad brannfolka sine om halda seg på sin eigen naudnettskanal, for å sikra kontakten med desse. Dette var ein annan kanal enn den brannmannskapet frå Sogn og Fjordane var på.
Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand i Sogn og Fjordane stiller spørsmål ved den vurderinga:
– Det må koma trygge rutinar for korleis brannkorpsa og andre naudetatar skal kunna kommunisera på tvers av politidistrikts- og fylkesgrenser. Det er investert fleire milliardar kroner i det nye naudnettet, og då må denne moglegheita utnyttast.
Brannfolk på feil tunnelside
Under redningsaksjonen blei røykdykkarar frå Bergen sett av på feil side av tunnelen, stikk i strid med ordren frå brannleiinga i Sogn og Fjordane.
- Les også:
Det viser kor avgjerande det er å snakka på den same naudnettskanalen, på tvers av fylkesgrensene, seier Stensvand:
– Faren for at slike episodar oppstår – anten dette var ei mistyding eller ikkje – vil bli betydeleg redusert viss ein snakkar saman, så dette er eit godt bevis på ein situasjon der ein må sikra at ein er på den same sambandskanalen.
DSB: – Ingen fasit
Det er Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) som har ansvaret for å rulla ut brannvesenet sitt digitale naudnett. DSB meiner det bør lagast ein eigen plan for bruk av det nye naudnettet for kvar einskild tunnel.
Men det er ikkje gitt at det å bruka den same kanalen på tvers av fylkesgrensene, alltid er det beste, ifølgje Kristian Bording, senioringeniør i DSB:
– Når til dømes brannfolk skal gjera innsats på store tunnelar med lang avstand mellom, er det lite hensiktsmessig at nokon som er ti kilometer frå kvarandre i kvart tunnelløp skal vera i den same kanalen. Men når dei møtest inne i tunnelen nokre få meter frå kvarandre, er det ein fordel, seier Bording.
Hadde ikkje opplæring
Brannfolka i Sogn og Fjordane brukte naudnettet under Gudvanga-brannen, sjølv om opplæringa ikkje var ferdig og nettet ikkje offisielt blir teke i bruk før i november. Det var eit godt hjelpemiddel i redningsarbeidet, blei det slått fast på eit evalueringsmøte i Aurland i september.
Nettopp mangelfull opplæring kan i seg sjølv vera ein god grunn for brannleiinga til Hordaland til å be brannfolka sine bli verande så sin eigen sambandskanal, seier Bording:
– Dersom ein ikkje veit om brannkorpset ein skal til har fått opplæring i sambandsreglementet og dei brukar sambandet på rett måte, kan det skapa stor forvirring ved at dei til dømes har det same kallesignalet. Då det kan bli direkte farleg dersom ein ikkje har ein gjennomtenkt plan for det.