Hopp til innhold

Fryktar Sogn og Fjordane blir taparen når gamle plattformar skal hoggast opp

Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO fryktar at Sogn og Fjordane også blir tapar når dei gamle oljeinstallasjonane i Nordsjøen skal fjernast dei komande åra.

Planane for Lutelandet Offshore AS

VIL HOGGE: Her i fylket har Lutelandet i Fjaler posisjonert seg og lagt til rette for opphogging av utrangerte oljeplattformer. Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO reagerer på at det dørgande stille rundt planane som er der.

Foto: llof.no

Jan Atle Stang

UROA FOR LUTELANDET: Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO er uroa og meiner det er dørgande stille rundt planane som er på Lutelandet.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sogn og Fjordane vart taparen då oljeverksemda vart etablert i Nordsjøen, og Stang har gjennom eit innlegg i fleire lokalaviser gitt uttrykk for at det kan skje igjen når opphoggings-oppdraga kjem i stort omfang.

– Eg fryktar vi ikkje er på perrongen og at toget er i ferd med å gå. Ekspertane seier det ligg eit enorm potensial og ein kjempestor marknad. Det er berre to-tre selskap som er i ferd med å førebu seg, men som kjem til å skape eit enormt engasjement når det tek av, seier Stang.

Meiner det er dørgande stille

Her i fylket har Lutelandet i Fjaler posisjonert seg og lagt til rette for opphogging av utrangerte oljeplattformer. Men medan næringslivet i fylka sør for oss er ute i media og fortel om posisjonering om førebuing til noko som kan bli big business, er Stang uro for oss.

– Først og fremst fordi det er dørgande stille rundt dei planane som er på Lutelandet. I Rogaland og Hordaland er dei i gang med å posisjonere seg i forhold til dei store oppdraga som ligg innanfor opphogging av oljeinstallasjonane.

Konkret går uroa på at Lutelandet ikkje har fått seg kapitalsterke medspelarar med industrielle musklar.

– Eg tykkjer det ikkje er stabla på beina, i alle fall gjort kjent, selskap som er store, solide og skal sitje i førarsetet. Eg tykkjer også det er urovekkjande at resten av næringslivet og samfunnslivet, ikkje engasjerer seg meir i det som kan komme til å bli ein enorm industri på Lutelandet.

– Lutelandet er i marknaden

Leiar for Lutelandet, Stein Arne Ottesen, peikar på at Lutelandet er det største av berre tre område her i landet som er godkjent for opphogging. Dei to andre er Stord og Vats i Rogaland. Han meiner at NHO-direktøren ikkje har grunn til uro.

– Det har han ikkje grunn til. Dette toget han snakkar om går i ikkje i Sogn og Fjordane, det går ute i Europa og der er vi. Lutelandet er i marknaden og finn samarbeidspartnarar som er store og tunge. Dei tunge aktørane finst, men det er ikkje sikkert dei finst i Norge.

Jan Atle Stang på si side meiner fylket må i sterkare grad samle seg rundt Lutelandet skal vi ha ein sjanse – det gjeld ikkje minst næringslivet.

– Vi har ein del muskulatur på desse områda. Vi har miljø her som kan bidra. Men vi må dra saman og sjå på prosjekt som konkurrere med andre ting. Her ligg alt til rette for at vi kan satse i lag slik at mange kan få ein bit av kaka.

Få, men store jobbar

Stein Arne Ottesen meiner det politiske fylket har backa godt opp, og meiner det også gjeld mykje av næringslivet.

– Nokre har sagt dei vil vere med og har samarbeidd med oss i mange år. Det er bedrifter som har vore meir lunkne og som sit på gjerdet for å sjå om vi får det til. Slik er det vel mange stader, at dei ser om vi får det til. Dette er ein marknaden med få, men store jobbar. seier han.