Hopp til innhold

Sjukehuset kan bli isolert

Nye flaumsonekart syner at vegane inn til Førde sentralsjukehus kan bli sett under vatn ved ein storflaum. Dermed kan sjukehuset ende opp med å bli heilt isolert.

200 årsflaum Førde

ISOLERT: Førde sentralsjukehus ligg midt mellom to elvar. Innan 2100 vil vassføringa i desse auke betrakteleg.

Foto: NVE Atlas

Beredskapssjef Jan Petter Sæbø i Helse Førde

ALVORLEG: Om ein ny flaum skulle isolere sjukehuset i Førde ville det bli ein alvorleg situasjon, seier beredskapssjef, Jan Petter Sæbø.

Foto: Johan Moen

– Det er dårleg nytt. Om sjukehuset vert isolert får vi pasientane verken inn eller ut, og når det er dårleg vêr er det gjerne ikkje helikoptervêr heller, seier beredskapssjef i Helse Førde, Jan Petter Sæbø.

Avisa Firda var den som først omtala dei nye flaumsonekarta til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Klimaframskrivingar viser at for ein 200-årsflaum kan ein vente 20 og 40 prosent auke i vassføringa i elvane Jølstra og Anga fram mot år 2100.

På kartet ligg dei to vegane inn mot sjukehuset under vatn fleire stader. Sæbøe seier Helse Førde skal gå gjennom kartet og sjå på tiltak.

– Vi vert nøydd til å samarbeide med ein del andre etatar for å sjå kva vi kan gjere for å førebyggje at vi vert heilt isolert.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bilete teke frå 6. etasje på Førde sentralsjukehus.

VÅT UTSIKT: Slik såg utsikta frå 6.etasje på sjukehuset ut under flaumen i haust.

Foto: Erlend Herstad

– Kom overraskande på oss

Flaum i Førde

STORE MENGDER: Flaumen i fjor haust stengde fleire vegar.

Foto: Arne Stubhaug/NRK

Mange fekk seg nok ei overrasking under flaumen i fjor haust. Då strekte vatnet seg langt og fleire vegar vart sperra. Dei første meldingane beredskapssjefen hugsar var at det var problem med høg vassføring ved Førdehuset. Det kom også meldingar seinare om at elva steig fleire plassar.

– Vi er avhengig av Vievegen og Angedalsvegen for å kome til sjukehuset. Vi hadde ambulansar ute i andre oppdrag som melde tilbake at vatnet steig såpass at det var uforsvarleg å køyre enkelte plassar, seier Sæbø.

Kommunen og vegvesenet måtte stengje Vievegen fordi det var farleg å køyre over der.

– Så vi var uroa, sjølv om vi hadde ein omkøyringsveg som var open. Likevel er det ikkje heldig, og det kom overraskande på oss, seier han.

Må planleggje annleis i dag

Flaum i Førde sentrum

FLAUM: Slik såg det ut i Førde sentrum i fjor haust under flaumen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Ein 200-årsflaum som ein opplevde i fjor kan kome att om 200 år eller alt neste veke.

– Det er alltid ein risiko ved alt, men noko må vi prøve å gjere. Sjukehuset ligg der det ligg og det kan vi ikkje flytte på. Ei arbeidsgruppe internt hjå oss skal sjå på førebyggande tiltak og ha dialog med andre aktørar som er ekspertar på dette, seier Sæbø.

– Kunne ein ha gjort meir for å førebyggje?

– Eg trur at når ein byggjer så tek ein utgangspunkt i dei prognosane som ligg føre, men vi har jo sett at klimaet endrar seg. Det vil det sikkert gjere framover òg. Så ein kan ikkje kritisere det som vart gjort før, vi må berre planleggje på ein anna måte i dag, seier han.