For sjette året på rad arrangerer NRK og Malakoff Rockfestival NRK SommarLutt direkte frå sentrum av Nordfjordeid. I år står seks band på scena med unge musikarar frå store deler av fylket. Konserten blir sendt direkte i både radio og på nett-tv, samt at det dei siste åra har vore eit publikum på godt over 1000 framfor scena.
Spennande musikarar
– Malakoff er veldig stolte av å i lag med NRK få vere med å løfte fram unge lovande musikarar frå fylket. I år har vi samla ein framifrå artistgjeng som har framtida føre seg, og det er veldig kjekt å kunne få dele ut eit stipend til eit av banda som gjer seg spesielt bemerka på konserten, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i Malakoff Rockfestival.
Jobben på scena avgjer
Nytt i år er også utdeling av ein eigen Luttpris under konserten. Ein fagjury vil sjå alle banda i aksjon, og ut ifrå denne prestasjonen kåre ein prisvinnar før sendinga er slutt.
– Her er det jobben dei gjer på scena denne dagen som avgjer. Juryen skal ikkje legge vekt på det artistane har gjort tidlegare, men avgjere kven som gjer den beste konserten der og då, seier programleiar for showet Stian Sjursen Takle.
Viktige ambassadørar
Prisvinnaren får stipend frå Sparebanken Vest på 15.000 kroner. Banksjef Jan Petter Jagedal Thomsen seier dei støttar prisvinnaren fordi artistane er viktige ambassadørar for fylket.
– Det er ikkje så lett å slå gjennom, så det er viktig å bidra til at unge talent kan kome gjennom nålauge. Eg håpar at prisen viser at vestlendingane set pris på dei, og at dei kan bruke midlane til å komme seg vidare, seier banksjefen.
Frå Slottsfjell til SommarLutt
Artistane som kjempar om stipendet er spente på årets NRK SommarLutt. Rapparen Kjartan Lauritzen frå Balestrand var ein av artistane på Slottsfjell i førre veke. Til denne konserten kjem 21-åringen med godt gammaldags rapshow og full musikalsk fest på scena. Låten «Havanna» har blitt streama over 600.000 gonger berre på Spotify.
Spelt på BBC
Tina Refsnes frå Florø spelte på Øyafestivalen i fjor, og tek med seg bandet sitt til Nordfjordeid for denne konserten. Ho gav i haust ut eit kritikarrost album, blei A-lista i NRKP1, gjort ei mengde med store og små konsertar, spelt på BBC og fått strålande omtale frå mellom anna Clash Magazine.
På heimebane
Det blir også artistar frå Nordfjordeid på scena. Indigo Child er ei popgruppe beståande av kulturskuleungdomar frå Nordfjordeid, som skriv og komponerer eigne låtar. Dei vart sendt til landsfestival i UKM og gler seg spesielt til å spele på heimebande under NRK Sommarlutt 2016.
Tilbake til SommarLutt
NRWY har spelt på SommarLutt ein gong tidlegare, og er tilbake etter å ha gjeve ut eit sterkt album som fleire meldarar har gjeve strålande omtale. Bandet er eit sterkt liveband som i tillegg til konsertar over heile landet, også har bak seg konsertar både i London, Liverpool og Austin.
Bygger karriere etter talentprogram
Michael André Kildal frå Florø er rapparen som kom til finalen i Norske talenter i fjor, der han fekk svært mykje ros frå dommarane etter å ha framført ein rap til si døde veninne. Kildal er i ferd med å byggje si karriere som musikar, og har alt gitt ut fleire sterke låtar. Til Malakoff og SommarLutt stiller han med band og fullt trøkk på scena.
Tek med bandet heim
Det siste bandet som har fått plass på NRK SommarLutt er I SEE RIVERS. Med sine fengande melodiar og utradisjonelle harmoniar skapar trioen eit lydlandskap dei kallar "float folk."
Dei tre jentene i I SEE RIVERS har studert på Lipa i Liverpool, og har i vår vore på ein større turne i England og Skottland saman med Newton Faulkner. Eline Brun er frå Luster og gler seg til å ta bandet til heimfylket for å spele på SommarLutt under Malakoff.