Hopp til innhold

Får pengar til nye ubåtsøk etter Veronica (22)

I dag vart det klart at politiet i Sogndal får pengane dei treng for å utvide søket i fjorden.

Søkjer i Barsnesfjorden

POSITIVT SVAR: Det var lenge usikkert om politiet i Sogndal ville få pengane dei trengde for å utvide søket i Barsnesfjorden. I dag fekk dei positivt svar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Leitinga med sonar og miniubåt har til no vore resultatlause, no håper politiet å finne svar i dei ytre delane av Barsnesfjorden.

– Det blir sett i gong så fort det let seg gjere, skriv regionlensmann Asle Karoliussen i ein tekstmelding til NRK.no

Vil utvide søket

I ei veke har politiet finkjemma botn av fjorden etter spor frå den sakna Veronica Heggheim Stegegjerdet (22).

Til no har politiet konsentrert seg om områda nærast Årøy og huset der Veronica Stegegjerdet budde. I går var det framleis usikkert om politiet i Sogndal ville kunne utvide søket.

Avgjersla låg på bordet til politimeisteren i Rogaland, som styrer ressursbruken ved leiting etter truleg døde personar.

Asle Karoliussen

UTVIDAR SØKET: Asle Karoliussen seier dei vil utvide søka med sonar og miniubåt så snart det let seg gjere.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Vi har fått tilbakemelding på kva vi må leggje fram av dokumentasjon og samstundes synleggjere at vi har ein viss moglegheit til å gjere eit funn. Vi skal også gjere eit kostnadsoverslag over det søket og dei totale kostnadane vi har hatt til søke etter den sakna kvinna, fortalde Karoliussen til NRK i går.

Positivt svar

I dag kom svaret han hadde håpa på. Politiet i Sogndal får dei pengane som trengst til å utvide søket. Dei neste dagane vil dei delane av fjorden som strekkjer seg ut mot Sogndal og Loftesnesbrua bli undersøkt.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

SAKNA: Veronica Heggheim Stegegjerdet vart sist sett heime i Årøy for snart tre veker sidan.

Foto: Privat

Forsvinningsmysterium har snart har vart i tre veker. Det har vore gjennomført omfattande søk i nærområdet rundt huset i Årøy. Med hjelp frå helikopter og båt har politiet også klart å dekke store område, heilt ut til Hella i Leikanger.

Opplysningar frå nye vitne gjer at politiet vil leite etter den sakna 22-åringen i turområde som ligg langt frå staden ho sist blei sett.

Karoliussen opplyser i dag at dei vil søke i områda rundt Solvornnipa i Luster og Grinde i Leikanger dei neste dagane.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Veronica-saken Tidslinje for brødtekst» i nytt vindu