Hopp til innhold

Får pengar til vanskelegstilt ungdom

Flora kommune får 950 000 kroner av regjeringa til oppfølging av vanskelegstilt ungdom.

Florø by

FÅR MIDLAR: Pengane vil gjere Flora kommune i stand til å hjelpe fleire ungdom som treng oppfølging i kvardagen.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Kommunen får 250.000 kroner i løyving for 2015, og deretter 350.000 i både 2016 og 2017. Tildelinga skjer etter regjeringa si styrking av tilskotsordninga "Oppfølgings- og losfunksjon for ungdom".

Ordninga vart etablert i 2014, og rettar seg mot ungdom mellom 14 og 23 år, som er i ein vanskeleg livssituasjon.

– Dette er ei gruppe som treng oppfølging og med små midlar kan ein få gjort mykje for dei. Det er ikkje så store ting alltid som gjer at livet blir vanskeleg. Då er det veldig bra å ha dei midlane for å hjelpe dei på rett kjøl, seier leiar i Helse- og sosialutvalet i Flora, Arlene Vågene (H).

Frank Willy Djuvik (Frp) seier løyvingane vil gjere kommunen i stand til å hjelpe enno fleire enn i dag.

Frank Willy Djuvik

VIKTIG: Frank Willy Djuvik (Frp) er glad for at kommunen no vil kunne styrke arbeidet for vanskelegstilt ungdom.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Flora kommune har allereie fleire tiltak for oppfølging av ungdom. Dette betyr at vi kan styrke det arbeidet og hjelpe enno fleire som er i ein vanskeleg situasjon, seier han.

Pengane vil mellom anna gå til å hjelpe ungdom med å få seg jobb, komme tilbake til skulen, samt skaffe seg eigen bustad. Kommunen vil samarbeide med NAV, barnevernet og skulane for å finne dei rette ungdomane.

– Det er veldig viktig å fange dei opp tidleg og gjere tiltak for å gje dei ein betre start på vaksenlivet.