– Målgruppa er unge som av ulike grunnar har droppa ut av den vidaregåande skulen, seier Tove Ølnes, som er ein av dei som driv 2A-heimen i Sogndal.
2A-heimen i Sogndalsdalen har inngått avtale om leige av ein gard i Hemsedal, fortel den andre initiativtakaren Agna Hollekve. Hollekve og Ølnes var i Hemsedal førre helg, og har søkt om å få godkjend garden der som eit bu- og arbeidstreningssenter.
– Om ein ikkje passar inn i skulesystemet, eller ikkje har noko å gå til, så går det an å tenkje litt nytt. Dei må kome inn i eit nytt system med faste rutinar. Der dei har noko å gå til, må stå opp, legga seg og ha faste rutinar, seier Hollekve.
Tove Ølnes og Agna Hollekve driv i dag fylkets første private fosterheimstilbod med mellom anna formidling, kursing, oppfølging og avlasting.
Skal tilby jobbtrening
Når dei no utvidar med ein avdeling i Hemsedal blir det litt etter same modell som dei i dag driv fosterheimstilbod på garden i Hodlekve, seier Agna Hollekve.
– Tilbodet blir jo litt annleis, i og med at vi skal ha tre ungdomar som er på arbeidstrening.
– Arbeidstreninga, blir det gardsarbeid, eller blir det andre ting?
– Det kan vere andre ting også. Det kan vere snikring, mekanisk arbeid, frisør, reiseliv eller anna. På denne garden er det alt aktivitet med selskap som kjem. Dei skal ha kanefart, matservering og dei skal ha heile pakken i ein slik lavvo. Vi tenkjer ungdomane inn mot dette arbeidet, der dei ser korleis ting fungerer i det daglege, fortel Agna og Tove.
VIKTIGE DYR: På 2A-heimen i Sogndalsdalen er dyra viktige. Ungane som er der, har dagleg kontakt med dyra.
Foto: Eldgrim Fossheim / NRKRettar seg mot kommunane
Dei to damene vil om kort tid gå ut og marknadsføre bu- og arbeidstreningstilbodet for tre ungdommar til kommunane rundt om, og sidan tilbodet fysisk ligg i Hemsedal ser dei for seg at tilbodet vil gå ut til både aust og vest.
– Marknadsføring går ut ganske snart, då kjem det an på om det er kommunar som har ungdommar som treng eit slikt tilbod. Hemsedal blir eit midtpunkt mellom aust og vest. Vi går nok breitt ut med marknadsføring retta mot kommunane.
– Dyra gir god læring
På 2A-heimen i Sogndalsdalen er dyr ein viktig del av miljøet for borna og dei unge som kjem innom der. Der går hest, esel, alpakka, lama, geit, gris og hund fritt omkring og er bestevenner. Og der er ein liten tanke bak.
– Her går alle lause og alle går i lag. Det kan vi overføre til ungane og ungdomane også. Sjølv om vi alle er ulike, så aksepterer vi kvarandre alle saman. Det kan vere ei god læring for dei unge, meiner dei to driftige damene.