Hopp til innhold

Håpar nytt fellingsløyve på jerv vil redusere sauetap

Fylkesmannen i Oppland har gjeve løyve til felling av jerv i Breheimen nasjonalpark. Det håpar ordførar i Luster, Ivar Kvalen, vil redusere sauetapa også i Sogn.

Jerv

FELLINGSLØYVE: Eit jaktlag i Lom får løyve til å frakte personell med helikopter til Breheimen nasjonalpark i samband med jervejakt.

Foto: Kjartan Trana

– Jerven vandrar i fjellområda mellom Luster, Årdal, Lom og Skjåk. At jerven no angrip beitedyr på Skjåk-sida er tilfeldig, det kunne like gjerne vore i Luster. Så fellingsløyve vil vere positivt også for beitedyr i Sogn, seier ordførar i Luster, Ivar Kvalen.

Styret i Breheimen nasjonalpark gav måndag løyve til at jaktlaget får bruke helikopter i samband med jakta, for å transportere inn personell. Løyvet gjeld fram til 29. juli, eller så lenge fylkesmannen i Oppland forlengjer jaktløyvet.

Større sauetap i år enn tidlegare

I fjellet mellom Naddvik i Årdal og Lærdal er det siste tida funne kring 30 sauekadaver, og eit fellingsløyvet som er gjeve i Sogn og Fjordane er utvida til 12. august.

– Det er uro kring dei auka tapstala på beitedyr. Rovdyrangrepa på desse dyra har vore verre enn i fjor. Ein er obs på utviklinga, og eg meiner det burde vore eit meir effektivt uttak av skadedyr, seier Kvalen.