Hopp til innhold

Tores debut som sjøaure-fiskar gjekk ikkje heilt som planlagt...

Tore R. Solberg frå Bergen debuterte i helga på flugefiske i Lærdalselvi. Det vart fint lite sjøaure på kroken. Men sverdfisk derimot ...

Tore R. Solberg og sverdfisken i Lærdalselvi

STORFANGST: Tore R. Solberg kom til Lærdal for å fiske sjøaure. Men det vart til slutt ein heilt annan fangst for fiskaren frå Bergen.

Foto: privat

– Det er første gong eg er på flugefiske i Lærdalselvi. Du kan vel seie det vart ein litt spesiell debut, ler Solberg i Bergen Jæger- og Fiskerforening.

Det var Bergens Tidende som først fortalde om den utrulege fiskehistoria.

Saman med ein kompisgjeng kom han til Lærdal fredag for å fiske sjøaure.

– Vi var ivrige som få og hadde knapt parkert før vadebuksene var på og fisket i gang, seier Solberg.

Fiska og fiska utan å få napp

Men låg vasstand og mykje vind førte til at sjøauren let vente på seg.

– Etter 378 kast utan napp, lokka både mat og kaffi, ler Solberg.

I morgontimane laurdag såg han plutseleg noko som låg på elvebotn om lag 200 meter ovanfor brua i Lærdalselvi. Det var stort og litt kantete, og med første augekast skjønte han ikkje kva det var.

– Eg vassa ut og pirka borti det med tåa. Då såg eg kva det var. Men eg trudde knapt mine eigne auge, seier Solberg, som tippar at sverdfisken låg på om lag halvannan meters djupne.

– Eg fekk løfta han opp med foten slik at eg fekk tak i han og drege han til land, seier Solberg.

Var like lang som han sjølv

Han har ikkje fått vege fisken, men fisken er om lag like lang som han sjølv om han tippar vekta til rundt 50 kilo.

– Fisken var fin i skinnet, så eg trur ikkje han har lege daud lenge. Vi opna han for å sjå kva han hadde ete, men magesekken var heilt tom. Så han var nok skikkeleg svolten, stakkar, seier Solberg.

Han tippar sverdfisken har forvilla seg opp i elva og ikkje funne vegen ut att i Sognefjorden. Dermed har ferskvatnet til slutt teke livet av fisken.

– Eg tippa han har vore oppe i elva og herja litt. Det var kanskje difor vi ikkje fekk napp, ler Solberg, som no kan skryte på seg tidenes fiskeskrøne.

For kva gjer det vel at ein ikkje har fått sjøaure når ein har fått sverdfisk?

– Og eg har jo biletbevis, så denne skrøna når høgt opp på lista, ler Solberg, som aldri før har sett ein sverdfisk i verkelegheita.

Har kutta av hovudet og sporden

– Eg hadde aldri trudd at det skulle skje i ei elv. Hadde det no vore i fjorden, så hadde det kanskje ikkje vore så rart.

Solberg har ingen planar om å stoppe ut den noko spesielle fangsten.

Så lang var sverdfisken

NESTEN PÅ TÅ: Tore R. Solberg måtte nesten stå på tå for at ikkje sporden skulle ta i bakken.

Foto: privat

– Nei, det blir det ikkje noko av. Men eg har kutta av hovudet og sporden og lagt det i frysaren. Så får vi sjå om vi kan gjere noko med det, seier Solberg, som tykkjer det er trist at den flotte fisken enda sine dagar på botn av Lærdalselvi.

– Eg tykte synd på stakkaren. Det er ein fantastisk flott fisk. Det er trist at det måtte ende slik, seier Solberg, som framleis har eit par timar att av fisket i Lærdalselvi.

– Vi kan no håpe at det bit på noko, men eg blir ikkje så skuffa viss ikkje. Dette vart ein fisketur utanom det vanlege, seier Solberg.

Eit heilt unikt funn

Til bt.no seier havforskar Otte Bjelland at han ikkje har sett liknande.

– Det er definitivt ein sverdfisk, og den høyrer absolutt ikkje heime her. Dette er eit heilt unikt funn. Sverdfisken er ein saltvassfisk og klarar ikkje overleve i ei norsk lakseelv, seier Bjelland til avisa.

Han legg til at det er sjeldan det vert observert sverdfisk i Norge, og han har heller ikkje høyrt om sverdfisk i elv, korkje i Norge eller i utlandet.

– Den må ha komme seg inn i elvemunninga på jakt etter mat, og så har han kanskje fått panikk og sumt oppover elva. Etter kvart må han ha fått problem med saltbalansen i kroppen, eller kanskje han har sett seg fast, seier Bjelland til bt.no.

Sverdfisk kan bli mange hundre kilo. Mellom 1967 og 2006 var det berre registrert 18 eksemplar av arten i Norge.