Hopp til innhold

Fekk hjartebank då han skylte jorda av eineståande fransk mellomalder-spenne

Under ein tur med metalldetektoren ein mørk dag sist i november fann Johannes Folkestad noko heilt spesielt. Eit smykke frå den franske mellomalderen kika fram frå molda – på ei beitemark i Fjaler.

I Dale i Sunnfjord gjorde Johannes Folkestad eit sjeldan myntfunn. På marka fann metalldetektor-entusiast ein svært sjeldan mynt. Mynten er truleg fransk og stammar frå omlag år 1300.

SJÅ VIDEO: På marka i Dale gjorde Johannes Folkestad eit sensasjonelt funn. (Foto/redigering: Alf Vidar Snæland/NRK)

På ei beitemark i Fjaler i Sunnfjord skulle Folkestad gjere eit heilt unikt funn. Ei

spenne, slått av ein fransk mynt frå mellomalderen, dukka opp då han grov i den brune molda. Aldri før har ei spenne med slikt opphav vorte funne her til lands.

Det var svært mørkt på staden, så eg oppdaga ikkje med ein gong kva eg hadde i hendene. Først då eg var attende på kjøkenet og skylte funnet i lunka vatn, såg eg at spenna var dekorert med stiliserte krossar. Då kom hjartebanken. Eg skjøna at eg hadde funne noko gammalt, fortel Folkestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Johannes Folkestad

METALLDETEKTOR: Johannes Folkestad er metalldetektor-entusiast. - Eg har aldri tidlegare funne noko så gammalt, fortel Folkestad.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Folkestad fekk lagt funnet i ein lufttett pose, sidan han frykta at spenna kunne take skade av oksidering om den vart liggande i lufta.

– Deretter fotograferte eg spenna og la bileta på eit historisk forum på nett. Der fekk eg tilbakemelding på at det var gjort funn av liknande spenner andre stader, men aldri av ein fransk mynt som denne.

Han skjøna raskt at gjenstanden var innleveringspliktig. Det er nemleg slik at alle lause gjenstandar frå før 1537 i Noreg skal takast hand om av det offentlege. Folkestad synest ikkje det er trist at han ikkje får behalde spenna.

Dette er ein gjenstand av historisk verdi, så eg meiner det er viktig at den vert teke hand om av det offentlege.

Frå den franske mellomalderen

Det er ein vakker gjenstand som no er funnen. Ei side er forgylt, og det er rike inskripsjonar på begge sider. Spenna, som måler 26 mm i diameter, er pryda med stiliserte franske liljer og spesielle krossar, såkalla cross patée.

(Artikkelen held fram under biletet)

Spenne Fjaler 2

LILJER: Baksida av spenna er pryda med franske liljer og innskrifta 'Byen Tours' på latin.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Terje Masterud Hellan, som arbeider ved Kulturhistorisk museum i Oslo, fortel at mynten som spenna er laga av har vore i omløp som betalingsmiddel. Seinare har den så vorte slått om til ei spenne.

– Mynten er forgylt på eine sida, og her finn ein inskripsjonen "PHILLIPVS REX", kong Fillip. Det viser at mynten har vore prega under den franske kong Filip den III. eller kong Filip den IV. sist på 1200-talet. På baksida står innskrifta "TVRONVS CIVIS", som viser til byen Tours, fortel Hellan.

På same sida finn ein innskrifta "BENEDICTV SIT NOMEN DNI NRI DEI IHV XP".

– Dette tyder noko slik som "Velsigna vere namnet på vår herre Jesus Kristus", forklarar Hellan.

Nytta til å halde i hop klede

Hellan fortel at slike spenner har vore nytta til å halde i hop klesplagg.

– Ei lita spenne som denne har vorte brukt i halsopninga i ei skjorte. Sidan denne spenna er forseggjort og slått av ein vakker mynt, er det rimeleg å tru at den kan ha vore boren av ein person i det øvre sosiale sjiktet, seier Hellan.

Berit Gjerland i kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune stør teorien til Hellan.

Mykje tyder på at spenna har høyrt til nokon langt oppe i samfunnet, på nivået under kongen. Me snakkar om eit samfunn med storbønder og lendmenn, og me veit at desse menneska hadde stor geografisk mobilitet, blant anna når dei skulle gifte seg. Det er ikkje utenkjeleg at nokon har tileigna seg denne spenna på ei reise i utlandet. Sidan det ikkje er gjort andre funn på staden, er det truleg at nokon har mist spenna, og så har ho vorte liggande, seier Gjerland.