Hopp til innhold

Er Anders (29) frå Hyen den smartaste i Norge?

Matematikkstudent Anders Klungre (29) frå Hyen kjempar om ein svært gjev tittel. På fredag er det 25 prosent sjanse for at han kan smykke seg med tittelen «Norges smartaste».

Norges smarteste (7:8)

FINALIST: Anders Klungre (lengst til høgre) er ein av fire finalistar i NRK-programmet 'Norges smartaste'.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Eg synest det er veldig artig å utfordre meg sjølv. Då eg såg dette programmet tenkte eg det var ein fin moglegheit til å prøve noko nytt, og sjå korleis eg takla det, seier den smarte glopparen.

Han er denne veka ein av fire finalistar i det nye NRK-programmet "Norges smartaste". I jakta på den skarpaste hjernen i landet vart 25 menneske plukka ut til å vere med på ei rekkje spennande og utfordrande konkurransar i studio.

Her har deltakarane blitt testa i sine matematiske, logiske, musikalske og lingvistiske evner. I tillegg må dei vise at dei har god hugs, sosial intelligens og ikkje minst ein sylskarp observasjonsevne.

Alt dette har 29 år gamle Anders Klungre til gangs. Spesielt mattekunnskapen gav han eit godt utgangspunkt for å ta seg til finalen.

– Det er mange typar intelligens, men det er logikk og matematikk som er det enklaste å måle i eit TV-show som dette, seier han

– Slik sett visste eg at eg kunne ha ein sjanse då eg melte meg på, flirer han.

– Matematikk er artig

Klungre har alltid hatt ein lidenskap for matematikk, og som elev ved Firda vidaregåande skule kvalifiserte han seg to gonger til landsfinalen i Aabelkonkurransen. I 2010 vart han Norgesmeister i brøkrekning.

– Eg synst det er artig å drive med. Eg likar spesielt hovudrekning, og det er noko eg har trent litt på her og der. Det er artig å kunne ta ting litt i hovudet.

Nettopp dette er noko venene hans kjenner godt til, og ofte er det Klungre som får oppgåva med å dele restaurantrekninga.

I hardtrening

Men trass gode matematikkunnskapar kan han ikkje kvile på laurbæra fram mot finalen på fredag. Klungre seier det er fleire ting han øver seg på.

– Eg kan pugge litt på ordtak og rettskriving. Eg kjenner meg trygg på det meste med matematikken, men det språklege kan eg sjå litt nærare på. Men eigentleg kan ein ikkje øve seg så mykje, er du ikkje god nok, så merkast det, seier han.

Om det blir Klungre som til slutt går av med sigeren i konkurransen, er han litt usikker på kva han skal bruke tittel til.

– Det er jo mest show dette, flirer han.

– Men eg kan jo fortelje det til barnebarna mine når eg blir gamal, ler han.