Hopp til innhold

Fekk kjapp NM-tittel frå godstolen

Frå godstolen sin vart hyaren Anders Klungre norsk meister i brøkrekning.

Anders Klungre

NORSK MEISTER: - Har du trena ein god del på brøkrekning, så går det raskt, seier den ferske norgesmeisteren i brøkrekning.

Foto: Bengt David Gabrielsen

For det viste seg at ingen av dei 14 deltakarane i meisterskapen klarde å svare raskare og rettare enn Anders Klungre frå Hyen.

Klarer du å slå Klungre? Ta testen til høgre og sjekk svara her .

- Dette er eit miniarrangement, men det var moro og utfordrande, seier 24-åringen til avisa Firda.

- Utvilsamt spesielt

Meisterskapen vart avvikla for femte gong. Det var tredje gong at Klungre deltok. I 2007 vart han nummer sju, medan han året etter klatra til femteplass.

Hyaren vedgår det var litt spesielt å bli norsk meister frå godstolen i år.

- Utvilsamt, men det hadde vore artigare med eit stort arrangement der du møtte dei andre deltakarane, seier den ferske norgesmeisteren til nrk.no.

Utslaget

Hyaren vann over Audun Sektnan frå Lillehammer. Duellen mellom dei to vart avgjerande. Begge fekk full pott på første oppgåve, men Klungre var desidert raskast. Siste duell var Sektnan raskast, men eitt feil svar gjorde utslaget.

Av 280 oppgåver, hadde 24-åringen frå Hyen fem-seks feil.

- Det var om lag slik eg rekna med, seier han.

Heng ikkje høgt

Klungre er ikkje ukjend med matematiske oppgåver. Som elev ved Firda vidaregåande skule kvalifiserte han seg to gonger til landsfinalen i Aabelkonkurransen. I 2004 gav det tur til OL i Hellas.

Han er usikker på kor offisiell den siste meisterskapen er, men er klar på at den ikkje heng særleg høgt.

- Det er jo litt stilig, men det er ikkje så veldig stort arrangement. Berre åtte av deltakarane var seriøse. Det er eit arrangement med liten status. Heider og ære er no artig også seier Klungre som var mellom dei som fullførde alle oppgåvene.

- Gløym kalkulator!

Konkurransen er nettbasert og deltakarane skal så raskt som mogleg svare på ti spørsmål.

Lysten på fleire matematiske utfordringar? Test deg på KappAbel-oppgåver

- Når deltakarane sit heime kan ein fort tenke at ein kan bruke kalkulator. Men det nyttar ikkje. Det tek altfor lang tid, seier han og vedgår at det går fort i svingane. Ein skal ha kontroll på både fingrar og hjernecellene om ein skal nå opp.

- Då går det fort i hovudet. Kjem det nokre på døra så blir eg ikkje blid, ler han.

- Kva må til?

- Eg har tenkt litt på kva tenker eg eigentleg på når eg sit der med brøkrekninga. Men det går etterkvart automatisk. Har du trena ein god del så går det automatisk. Eg har faktisk byrja å tenke på andre ting medan eg sit å reknar. Men då går det litt seinare, humrar han.

- Men kva som må til for å bli ein rask brøkreknar?

- Det spørst om du skal gange, dele, legge saman eller trekkje frå. For alle desse har eg lært meg teknikkar som gjer det lettare enn det ser ut for det blotte auge, seier han løyndomsfullt.