Hopp til innhold

Endeleg skal han få speletid under Bakke

Mahatma Otoo er endeleg hundre prosent speleklar. Mot Hønefoss får han truleg sine første minutt som spiss for Eirik Bakke – og kanskje får han starte kampen.

Mahatma Otoo

SPELESUGEN: Mahatma Otoo har vore gira på å få sleppe til for Eirik Bakke, men har måtte vente på grunn av skade. Mot Hønefoss får han truleg speletid.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

– Mahatma er veldig spelesugen, og det er viktig å få han i gang med det kampprogrammet vi går inn i no. Han får nok speletid på søndag, seier trenar Eirik Bakke til NRK.

Mahatma Otoo har vore plaga med ein strekk i låret heilt sidan han kom tilbake frå Afrikameisterskapen, og han har ikkje vore på bana for Sogndal dei første to seriekampane under den nye trenaren.

Shroot og Teniste er usikre kort – slit med skader

No er Otoo med i troppen til heimekampen mot Hønefoss. Eirik Bakke vurderer no om spissen skal starte kampen. Men han vil ikkje ut med noko laguttak.

– Eg bestemmer meg ikkje før på søndag. Vi får sjå om Otoo startar eller ikkje.

Sogndal slit med litt smårusk i stallen framfor den tredje serierunden i 1. divisjon. Både Robin Shroot og Taijo Teniste er usikre med kvar sin skade før kampen.

Bakke valde sist helg å kvile Bjørn Inge Utvik etter at midtstopparen har hatt eit tøft program siste tida. No er Utvik aktuell igjen – både i midtforsvaret og på backen.

Eirik Bakke takkar for kampen

SKAL VERE SJEFAR: Eirik Bakke meiner Sogndal skal diktere kampen mot Hønefoss, akkurat slik dei gjorde i første heimekamp mot Bærum.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

– Skal diktere og ha kontroll på kampen

Samstundes går Sogndal no inn i ein periode med svært tøft kampprogram fram mot 16. mai: Først ventar Hønefoss på søndag, så kjem cupkampen mot Lysekloster – og deretter seks seriekampar på i underkant av tre veker.

– Vi har bruk for alle spelarane, og tek ingen sjansar med dei som har småskadar. Det blir ein tøff periode. Samstundes er det dette som er moro. Kampar er det vi trenar for, seier Bakke.

Han ventar seg ein tøff fysisk kamp mot Hønefoss, som han meiner har kniven på strupen etter to strake tap i serieopninga i 1. divisjon.

– Vi har førebudd oss godt, og har jobba ein del med å bli betre offensivt denne veka. Vi skal diktere og ha kontroll på kampen, seier Bakke.