Hopp til innhold

Pangstart for Sogndal - leika seg og scora tre mål i seriepremieren

SOGNDAL- BÆRUM 3-1 (NRK): Sogndal og Eirik Bakke varta opp med tidvis artig fotball - og tre herlege mål i seriestarten på heimebane.

Sogndal jublar for scoring
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Sogndal stite med dette laget: Christian Sukke - Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik, Christope Psyché, Victor Grodås - Babacar Sarr, Rune Bolseth - Petter Strand, Ulrik Flo - Kristian Fardal Opseth, Robin Shroot.

Laster innhold, vennligst vent..

Starta nølande, men kom sterkt utover i kampen

Sogndal starta den første seriekampen av året svært nølande og forsiktig. Med meir flaks kunne Bærum fort ha fått seg ei scoring på ein av smågutefeila heimelaget gjorde dei første minutta.

Men Sogndal kom sterkare tilbake. Frå ti minutt og utover i omgangen var kvittrøyene det beste laget, og etter 13 minutt skjedde det endeleg noko farleg framfor Bærum-målet. Robin Shroot fyrte av frå langt hald, men ballen gjekk utanfor.

Eit par minutt seinare dreiv Rune Bolseth oppover bana, og sende ein stikkar til Kristian Fardal Opseth. Han slo ein lekker tunnel på ein midtstoppar, og kom åleine med keeper. Men han nådde ikkje ballen, og måtte sjå keeper klarere med naud og neppe.

Rune Bolseth måtte ut med det som kunne sjå ut som ein strekk like etter. Nykommaren Jim Johansen kom inn og fekk debuten sin for Sogndal.

Petter Strand prøvde seg frå nokre og tjue meter, og tvinga keeper til å strekkje seg i si fulle lengde. Mange såg nok den i mål.

Etter ein halvtimes spel var Ulrik Flo farleg frampå med ei heading, men han fekk ikkje plassert ballen i nota.

1-0, 33 minutt: Victor Grodås kom på eit nytt offensivt raid frå venstrebacken, og fyrte av frå 18 meter. Keeper måtte gje retur, og der var Robin Shroot frampå med pannebrasken. Spissen sitt første mål for Sogndal!

Ti minutt seinare tråkla Shroot seg inn i 16-meteren, men fekk for spiss vinkel på skotet, som gjekk til corner. Denne heada Fardal Opseth over frå kloss hald.

Sogndal gjekk fortent til pause med 1-0. Bærum kom på spede forsøk framover, men etter at Sogndal kom inn i kampen for full etter den lurvete starten, var heimelaget det dominerande laget.

Ulrik Flo scorer på brassespark mot Bærum

HERLEG MÅL: Ulrik Flo scora på brassespark mot Bærum.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Heldt fram presset også etter pausen

Seks minutt ut i andre omgang starta Eirik Skaasheim eit raskt angrep frå høgrebacken, og fann Jim Johansen på full fart i bakrommet. Kantspelaren fekk ikkje fulltreff på den gode sjansen, og ballen hamna i klypene til keeper Kris Devaux.

Ulrik Flo var farleg frampå med eit skot frå 18 meter etter 56 minutts spel. Langskotet gjekk via ein forsvarar, strauk stolperota og gjekk til corner.

2-0, 57 minutt: Corneren dalte ned midt i feltet, der Flo stod med ryggen mot mål. Han kasta seg likevel opp i lufta, og dunka ballen kontant i nota med eit vakkert brassespark. Årets mål allereie i første seriekamp?

Bærum yppa seg innimellom, og kunne med litt hell ha fått seg eit mål etter eit dribleraid inn i Sogndal sin 16-meter midtveges i omgangen.

3-0, 65 minutt: Fardal Opseth tok frispark frå 22 meter, og klinte ballen heilt oppe i krysset. Keeper kunne ikkje anna enn å slå ballen i stolpen, og på returen fekk Psyche ein ferdigscora pasning...

Med ti minutt igjen å spele rusla Robin Shroot av bana til ståande applaus. Innbytar Edin Øy fekk dermed debuten sin i seriesamanheng for Sogndal.

3-1, 82 minutt: William Warshaw fekk stå heilt åleine inne i feltet til Sogndal, og banka ballen lett forbi keeper Sukke.

Heilt på tampen kom Jim Johansen i fullt firsprang gjennom på venstresida og valde å skyte frå litt spiss vinkel. Det harde skotet gjekk rett på keeper.

SLUTT: 2417 tilskodarar såg serieopninga på Fosshaugane Campus.

Shroot scorer sitt første Sogndal-mål
Foto: Alf Vidar Snæland / NRK