Hopp til innhold

Eidar varma opp tusenvis av fotballfans i England

– Det er ikkje kvardagskost å få lov å gjere dette, seier Aleksander Raftevold etter å ha stått på scena rett før kampen mellom Manchester City og Leicester.

Aleks Grey på scena i Manchester før kamp.

VARMA OPP: Eidaren Aleksander Raftevold (i midten) varma i dag opp for manchester City på deira heimebane. - Anna oppleving enn vi er vande til, som spelar på sktine pubar, seier eidaren.

Foto: Sean Crossey

Denne laurdagen har Aleksander Raftevold frå Nordfjordeid avslutta ein spelejobb utanom det vanlege. Saman med dei andre medlemmane av bandet «Aleks Grey» tok over han Etihad Stadium i Manchester, for å varme opp publikum på ein elles regntung britisk kampdag.

– Det var kjempekjekt. Det har vore god stemning, så det har vore ei veldig kjekk oppleving, seier Raftevold.

Stadiumet i industribyen tek opp mot 60 000 tilskodarar, og konserten vart også synt direkte på Manchester City sin eigen fjernsynskanal.

– Eg var eigentleg ikkje nervøs. Eg trudde eg skulle bli det, men det var så god stemning og folk kosa og gleda seg til kamp, seier han.

- Noko anna enn skitne pubar

Bandet til eidaren har siste tida hatt stor suksess i fleire land. Raftevold går for tida på Paul McCartney sin talentskule i Liverpool, der bandet også har sin base. Han og resten av medlemmane i bandet er store fotballfans, og sjølv om dei færraste av dei fem har Manchester City som favorittlag, var det stort å spele før oppgjeret i Manchester.

– Trommisen er frå Manchester og City fan, medan eg er Burnleysupporter. Det er ei heilt anna oppleving enn vi er vande til, der vi spelar på skitne pubar og små lokale rundt om kring. Dette var stort og massivt.

Det er eit marknadsføringsselskap som Raftevold har samarbeidd med i eitt år som har ordna konsertavtalen. Han veit likevel ikkje om dagens konsert får dei heilt store følgjene.

– Vi får vist musikken til eit nytt publikum, og det er alltid positivt. Folk har kome bort, klappa oss på skuldra og lurt på kva vi heiter. Vi har ikkje liknande oppdrag på blokka, men skulle gjerne hatt det. Vi naut kvar augneblink av det, seier eidaren.

Her kan du sjølv sjå Aleks Grey under NRK Julelutt frå Høyanger

Her kan du heile konserten frå anodehallen i Høyanger.