Hopp til innhold

E39-striden prega valet i Nordfjord

Protestval på grunn av E39-striden prega stortingsvalet i Nordfjord. No håpar Ap sin lokallagsleiar i Eid at veljarane har fått blåse frå seg og ser framover.

Siri Sandvik

SKUFFA: Siri Sandvik i Eid Ap er skuffa over partiets valresultat i heimkommunen. Ho ser at striden rundt kvar E39 skal krysse Nordfjorden er ei viktig forklaring.

Foto: Montasje

– Eg er kjempeskuffa over resultatet i vår kommune, eg synest det er veldig synd, seier leiar i Eid Ap, Siri Sandvik.

Eid og Gloppen var landets dårlegaste Arbeidarparti-kommunar, medan Høgre i Gloppen er den tredje dårlegaste Høgre-kommunen i landet.

Striden om kvar E39 skal gå gjennom Nordfjord i framtida blir trekt fram av fleire som ei forklaring. Både Ap og Høgre vil ha brukryssing i indre, og folk i Eid og Gloppen har kjent seg svikta.

– Ein ser at når slike enkeltsaker får så stor betydning, så er det slik som skjer, seier Sandvik.

E39 og sjukehus

Med ti prosent oppslutnad i Eid og Gloppen er dei to nordfjordkommunane dei dårlegaste Ap-kommunane i heile landet.

Siri Sandvik som er leiar i Eid Ap trur partiet får unngjelde både for sitt standpunkt i spørsmålet om kvar E39 skal krysse Nordfjorden, og for si rolle i striden om sjukehuset på Nordfjordeid.

Ei sak som vart avgjort for vel to år sidan, der Ap ikkje gjorde noko for å stogge nedbygginga av lokalsjukehuset.

I begge sakene er lokallaget i Eid på kollisjonskurs med moderpartiet, og på Nordfjordeid er det to saker folk er opptekne av.

– Det er jo klart dette har med linjevalet for E39 å gjere, det seier seg sjølv, seier ein mann NRK snakka med på gata i Eid.

– Dei ville ikkje hjelpe oss når vi trengde dei, seier ein annan og peikar på den betente sjukehussaka.

Trur vinden vil snu

Men Siri Sandvik trur vinden vil snu for Arbeidarpartiet i Eid.

– Ja, det trur eg.

– Kor fort det vil gå, det står att å sjå. Men eg tenkjer at det berre kan gå oppover frå no av, seier Sandvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lote og Anda

BRU: Det er framleis ikkje bestemt om framtidas E39 gjennom Nordfjord skal krysse fjorden med bru over Anda-Lote eller lenger inne, ved Stryn.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Ikkje noko vi er stolte over

Leiar Olin Johanne Henden i Gloppen Høgre kan ikkje skulde på sjukehusstriden for det sørgjelege valet.

Partiet vart tredje dårlegaste høgrekommune i landet med 7,1 prosent oppslutnad. Ved kommunevalet i 2011, før Bjørn Lødemel gjorde kuvending i saka om kvar E39 bør ligge, hadde partiet 18 prosent oppslutnad.

– Slik sett er vi ikkje overraska over resultatet, men vi er skuffa. Gloppen var den femte beste høgrekommunen ved sist val, og no ligg vi på sisteplass.

– Det er ikkje noko vi er stolte over i det heile teke, seier Henden.

Håpar å vere tilbake om to år

Olin Johanne Henden

IKKJE OVERRASKA: Seier Olin Johanne Henden som likevel er skuffa over valresultatet.

Foto: NRK

Då Lødemel i vinter snudde, og gjekk for E39 via Stryn og ikkje Anda-Lote, var reaksjonane i Gloppen Høgre sterke. Dei hadde invitert stortingspolitikaren til årsmøtet, men etter snuoperasjonen ville dei ikkje ha han på besøk likevel. Lokallaget har heller ikkje drive valkamp for Lødemel.

– Trur du det blir med dette protestvalet her?

– Vi var jo det største opposisjonspartiet til Senterpartiet i kommunen ved sist kommuneval, og hadde ein oppslutnad på vel 17 prosent for to år sidan. Så vi håpar å kome opp att på det nivået ved neste val om to år, seier Henden.

Ser protestval fleire stader

Redaktør i Fjordingen, Bengt Flaten, ser også protestval i Stryn og Hornindal. Han meiner E39-saka har hatt mykje å seie også der.

– I Stryn har Høgre ei auke på formidable 14 prosent og nærmar seg 30 prosent. I Hornindal går dei opp 2,9 prosent og får 22,6 prosent i Bjørn Lødemel si heimkommune.

– I begge kommunane går Senterpartiet betydeleg tilbake, med 11 prosent tilbake i Stryn og 6,7 prosent i Hornindal. Det er merkbart, seier Flaten.

Redaktør Bjørn Grov i Firda Tidend har også lagt merke til det han meiner er E-39 effekt i valresultatet.

– Greitt at viktige saker syner att

Men sjølv om Siri Sandvik i Eid Ap er kjempeskuffa over valresultatet meiner ho det er greitt at viktige saker syner igjen når folk går til urnene.

– På ein måte er det jo det. Det viser kva folk er opptekne av lokalt, og det viser at som fylkespolitikar eller rikspolitikar så må ein høyre på kva folk seier i alle delar av regionen eller fylket.

– Ein kan ikkje berre la vere å bry seg og tru det ikkje har konsekvensar. Det er slik demokratiet er, det er folk som bestemmer til sjuande og sist.