Hopp til innhold

Navarsete snur - går for Stigedalen som framtidig E39

Tidlegare har Sp-leiar Liv Signe Navarsete ville hatt Kvivsvegen som ein del av E39. No snur ho og går for midtre alternativ gjennom Stigedalen.

Liv Signe Navarsete

MIDTRE: Liv Signe vil at E39 skal gå gjennom Stigedalen.

Foto: NRK

Regionalministeren vil no ha bru over Nordfjorden ved Lote-Anda og at E39 vidare skal gå gjennom Stigedalen til Volda. Det skriv Sunnmørsposten.

– Midtre linje i Nordfjord og Hafast på Sunnmøre vil vere beste E39-løysinga, sa ho til avisa laurdag.

Dermed snur ho og går vekk frå Kvivsvegen som ein del av E39. Ho ønskjer no at det blir bygd ein parallell til Kvivsvegen med ny bru over Voldafjorden/Austefjorden.

– Både Senterpartiet og SV er klare på at midtre trase bør veljast i Nordfjord, seier ministeren.

Ho seier til avisa at eit samla standpunkt frå regjeringa bør kome før stortingsvalet til hausten.

Alternativet gjennom Stigedalen vil koste 2 – 4,2 milliardar kroner ekstra i høve til det som indre linje med Kvivsvegen, bru ved Svarstad og tunnel gjennom Utvikfjellet kostar.

– Det er ikkje berre kortaste veg frå punkt A til B som er viktig, men at stamvegen, byggjer saman viktige bu- og næringsregionar, seier Navarsete til avisa.

– Ho ønskjer også å velje eit alternativ som har lenger reisetid enn indre. I tillegg til dette går ho mot regjeringspartia sine merknader i Nasjonal Transportplan 2014–2023 om oppstart av delstrekningar mellom Vadheim og Hornindal, fram til Kvivsvegen, i andre del av planperioden, seier Stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel i ei pressemelding.

Bjørn Lødemel

GRUNNLAUS KRITIKK: Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) meiner no at kritikken mot paritet hans har vore grunnlaus.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han skriv at Navarsete vil ha eit alternativ som har blitt nedstemt i fylkestinget i Sogn og Fjordane, og som fylkestinget i Møre og Romsdal ikkje ein gong har teke opp til handsaming.

– Dette stadfestar Høgre sitt syn om at S-alternativet ikkje er eit aktuelt alternativ for eit effektivt samband på ferjefri E-39, og at den sterke kritikken som har kome mot Høgre har vore grunnlaus, uttalar Lødemel.

Han meiner Sp har kome med ei rekkje utspel om traseval på framtidig E39 dei siste månadane.

– Dette syner at partiet rir alle hestar som finst i denne saka, seier Lødemel.