Hopp til innhold

Dette uhellet kosta bilførar 7.000 kroner

Mannen i 40-åra var årsak til ei trafikkulukke på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. No har han godteke bota på 7.000 kroner.

Ulykke Hemsedalsfjellet

KRASJ: Ein av dei involverte bilane hamna i grøfta etter samanstøyten ein laurdag ettermiddag i oktober i år.

Foto: Jan Christian Gjerving

Det var i oktober at mannen ikkje var aktsam nok og kom over i motsett køyrebane og kolliderte med ein møtande personbil. Det vart skade på begge køyretøya.

Samtlege naudetatar vart kalla ut til ulukkesstaden. Til alt hell kom samtlege involverte frå uhellet utan skade.