Hopp til innhold

Denne geitosten må reise langt og lengre enn langt for å komme fram...

I den vesle bygda Undredal har mykje vorte tungvint etter at flaumen råka den vesle bygda hardt.

Created by InfoDispatcher

Stølsysteriet ligg berre minutt frå heimen hennar i Undredal. Men no har alt vorte så tungvint.

– Dei skulle berre visst i Holland kva strev vi har for å få gitt dei ost, seier medeigar i Undredal Støylsysteri, Anna Karine Marstein.

Geitebrunosten som ho pakkar med kunnige hender skal til kundar i Holland. Etter storflaumen førre veke må både ho og osten reise lange omvegar.

– Eg tek dei rett og slett med meg på ferja tilbake til Undredal i kveld, for då får eg pakka dei skikkeleg. Og så tek eg dei med og får sendt dei i morgon. Det er litt tungvint, men eg må berre få det gjort, seier Marstein.

Har laga seg ein liten sti

Nokre hundre meter lenger nede i dalen er vegen heilt vekk.

– Eit lite stykke lenger heime er 100 meter av vegen heilt vekk, seier Marstein.

Tre minutt frå heimen ventar dermed ein lang omveg. Via E16 gjennom Flåm til Aurland og båt i kriserute til Undredal.

Tysdag for ei veke sidan, medan hus etter hus gjekk til grunne i nabobygda i Flåm, tok vassmassane vegen til Undredal.

I dag er det berre ein smal, liten sti som er vegen inn til den vesle bygda. Nokre vel å gå der i staden for å ta kriseruta på fjorden, som uansett ikkje kan ta bilar.

Har arbeidsveg utanom det vanlege

– Det er jo litt spesielt å ha dette som arbeidsveg. Det vart litt endring når raset kom. Men det går greitt. Vi har laga sti på sida, og dei har byrja å rydde vegen. Går alt bra, har vi vel veg om nokre veker, seier Andreas Aspevold.

Men først i desember kan dei vel 80 fastbuande køyre bil heile vegen heim. I Undredal driv Bente Torgersen nærbutikken. Også ho merkar godt at bygda er utan veg.

– Det går nå på eit vis. Vi er innstilte på at vi må få alt med ferja i nokre veker, seier Torgersen.

Det er Marstein samd i, og hoppar på ferja som går i kriserute.

– Då er det heim att og så vert varene levert. Då er alt bra, seier Marstein, og tek ferja heim.