– Det viktigaste er at geita er rein bak! For her er det om å gjere at nye perler kjem idet spelet startar, forklarer Brita Underdal.
Saman med fleire andre ungdommar frå bygda arrangerer dei Geitostfestivalen som går av stabelen i bygda Undredal i Aurland kommune 24.–26. juli. I år altså med geiteperlebingo.
- Les:
Bingo for dei med god tid
Spelet går ut på å setje ei eller fleire geiter på eit «bingobrett» teikna med krit på bakken på eit inngjerda område. Her har deltakarane valt ulike tal. Så er det berre å vente til geitene «perlar», og håpe at det skjer på ditt tal. Den med flest perler på sitt tal vinn.
Etter ein testrunde med lite resultat må arrangørane sjå litt på eventuelle tilpassingar – kanskje ein må ha fleire geiter inne på brettet på ein gang for å få fortgang på sakene? Kanskje det må vere lov å lokke litt, kanskje til og med med kraftfor?
– Vi trur at det kan bli ein slager på festivalen, og vi har ikkje noko imot at folk skal stå å vente i tre timar, seier Underdal, som trur dette vil fungere godt i konseptet deira med at alt skal gå litt langsamt.
– Folk kan jo gå rundt og gjere andre ting i mellomtida, dei treng ikkje å stå å følge med heile tida, seier Maria Underdal.
Festival med ost og meir
I Undredal har ein i generasjonar hatt ein sterk tradisjon for å lage ost, spesielt geitost. Undredal støylsysteri bygger på denne tradisjonen og har hatt stor suksess med sin ost sidan oppstarten i 2002.
- Les:
Geitostfestivalen har sjølvsagt den lokale spesialiteten i sentrum, men kan også by på mykje anna, både av mat og aktivitet.
– All mat vi serverer er laga på lokale matvarer. Frå grilla kjekjøt til grønsaker frå jordbruksskulen i Aurland og poteter frå Lærdal.
- Les:
Det vert dans om kvelden både på fredag og laurdag, marknad med sal av lokale matvarer og mange leikar og aktivitetar. Det vert også fjellturar i det fjordlandskapet som i år feirar 10 år med verdsarvstatus.
Undredølane gler seg veldig til festivalen, då innbyggartalet i den vesle bygda vert mangedobla.
– Og for dei som søker meir spenning enn geitebingoen kan gi vil det også vere tandemlotteri der ein kan vinne eit tandemhopp i fallskjerm over bygda!