Hopp til innhold

Dement kvinne (82) framleis sakna i Førde

Ei dement kvinne i 80-åra er sakna frå ein institusjon i Førde. Det har vore gjort søk etter kvinna gjennom heile natta og leiteaksjonen held på enno.

Leiteaksjon i Førde

LEITAR: Her ser vi leitemannskap på farta langs elva Jølstra i Førde. I tillegg har luftambulansen søkt i elva med varmesøkjande kamera, mens brannvesenet har leita i våtmarksområda. Det har og vore gjort strandsøk og overflatesøk.

Foto: Anna Gytri / NRK

Kvinna vart meldt sakna då ho ikkje kom tilbake til omsorgsbustaden til avtalt tid i går kveld. Politi, brannvesen, Røde Kors, Sivilforsvaret, Norsk Luftambulanse og Norske redningshundar har så langt vore involverte i søket. Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Gustav Landro, fortel at mange har vore med å leite så langt.

Gustav Landro, Vest politidistrikt

BER OM TIPS: Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Gustav Landro, ber folk ta kontakt med politiet om dei skulle ha observasjonar som kan hjelpe i søket etter den sakna kvinna.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

– Vi har hatt mykje folk i sving i natt og leita igjennom store delar av Førde sentrum, men vi har ikkje gjort nokon funn, seier Landro.

Mange frivillige

Blant dei frivillige er Arvid Lindheim frå Vadheim.

– No er eg straks ferdig å leite igjennom min tildelte teig, seier Lindheim.

Han kjem frå Vadheim Røde Kors og har vore med i leiteaksjonen etter den sakna kvinna sidan klokka 10 i dag.

– Det er rart at folk kan forsvinne på den måten, seier Lindheim.

Arvid Lindheim, Vadheim Røde Kors

LEITAR: Arvid Lindheim frå Vadheim Røde Kors er ein av dei frivillige som leitar etter den sakna kvinna i Førde.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Vil ha tips

Operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Gustav Landro fortel at politiet i føremiddag bestemte seg å starte søket på nytt.

– Når alle søketeigar har vore søkt gjennom, så tar vi ein gjennomgang og køyrer eit nytt forsøk på å leite gjennom desse områda med friske auge, seier Landro.

Politiet ber no om hjelp frå publikum for å finne den sakna dama.

– Kvinna er cirka 150 centimeter høg og går med skaut og skjørt. Ho har kvitt hår og sleper litt på ein fot. Du kan kontakte politiet på telefon 02800 om du har tips eller observasjonar, seier Landro.